Marknadsanalyse og prosjektarbeid, reiseliv 5210
5210
20,00
Lavere grad
5203 Marknadsføring og 5402 Reiselivsøkonomi/reiselivsgeografi.
Emnet skal gi studentane øving i å gjennomføre eit større prosjektretta arbeid.
Prosjektarbeidet går ut på å løyse utredningsproblem innan reiselivet, men ikkje daglege driftsoppgåver i reiselivsverksemder eller i tilhøva for reiselivsverksemder. Studentane skal arbeide sjølvstendig, men under rettleiing av faglærar. Prosjektarbeidet skal gi studentane høve til å løyse større oppgåver som krev innsamling og analyse av data og rapportering av samansette problem. Arbeidet skal vere realistisk og problemløysande, med tema som er relevante for reiselivsnæringa. Prosjektarbeidet skal og gi studentane høve til å arbeide systematisk med målretta problemidentifikasjon, informasjonssøking og skriftleg rapportering i form av ei utgreiing, med dei formalkrava det gir til arbeidet.
Undervisning og rettleiing i vårsemesteret av individuelle og gruppevise oppåver etter eit nærare fastsett program.
Prosjektoppgåva skal leverast til sensurering som eit eksamensarbeid. Prosjektarbeidet skal normalt gå føre seg i grupper på 2-3 studentar, men det er høve til individuelt arbeid i einskilde tilhøve. Graderte karakterar.
Copyright © Høgskolen i Telemark