Reiseliv og miljø 5401
5401
5,00
Lavere grad
5400 Reiseliv og samfunn
Emnet skal gi grunnleggjande innsyn i viktige miljøspørsmål knytt til reiselivsverksemd.
Emnet vil ta opp miljøspørsmål knytt til reiseliv, både på det nasjonale og det internasjonale plan. Turismens tendens til å øydeleggje sitt eige ressursgrunnlag vil vere eit sentralt tema i emnet. Omgrep som "berekraftig reiseliv", "ansvarleg turisme", "grøn turisme" og "økoturisme" vil bli drøfta. Ein vil vidare kome inn på slitasjeproblem i sårbare område, til dømes i verneområda. Reiselivet og drivhuseffekten vil og bli tatt opp som tema.
2-3 timar pr. veke i vårsemesteret. Førelesingar og drøftingsoppgåver/case-studiar. Seminar med presentasjon av sjølvvalde studentoppgåver.
Mappeevaluering med følgjande element: a) presentasjon og innlevering av sjølvvald semesteroppgåve (40 %) og b) avsluttande skriftleg individuell eksamen, 3 timar (60 %). Alle delprøver må vere bestått.
Copyright © Høgskolen i Telemark