Kulturleiing 2581
2581
15,00
Høyere grad
Opptakskravet til masterstudiet.
Målsetjinga er å anvende fagperspektiva og det teoretiske stoffet frå innføringsemnet på eit avgrensa materiale. I kvart fordjupingsemne vil ein studere ein allmenn tematikk tverrfagleg ut frå eit historisk perspektiv, eit estetisk (t.d. litterært) perspektiv og eit fortolkande samfunnsvitskapleg perspektiv. Den tverrfaglege tilnærminga blir fremja ved at faglærarar frå ulike fagtradisjonar formidlar felles stoff ut frå sine respektive fagtradisjonar
I dette emnet vil ein studere ulike teoriar og modellar for leiing av kulturinstitusjonar ut i frå eit historisk og dagsaktuelt perspektiv. Ein vil ta opp samfunnsvitskapleg og kulturanalytisk teori om organisasjon og leiing - og drøfte relevansen av slike teoriar for verksemder i kultursektoren. Ein vil òg studere i kva grad det er motsetnad eller samanfall mellom kunstnarlege og økonomisk-administrative logikkar og diskursar. Ein vil knytte drøftingane til ulike typar kulturverksemder - både små temporære prosjekt og store permanente institusjonar. Følgjande delemne er aktuelle:
Undervisningsforma i eit fordjupingsemne er seminar, med 3-6 timar pr veke. Undervisninga går i vårsemesteret.
Studentane skal levere eit skriftleg arbeid på grunnlag av pensum som tel 20 % av karakteren i emnet.
Sluttvurdering av fordjupingsemna skjer ved prøveforelesing på 40 - 45 minutt for det eine emnet, og ved munnleg eksamen for det andre emnet. Desse eksamensformene tel 80 % av samla karakter i fordjupningsemnet.
Kandidatane bestemmer sjølve kva for eit fordjupingsemne dei vil prøveforelese i, men oppgåva blir oppgitt av instituttet. Kandidatane melder frå ved oppmeldinga til det einskilde emnet kva for evalueringsform dei ønskjer.
Copyright © Høgskolen i Telemark