Informatikk og administrasjon, bachelor
Se også: omtale i studiekatalogenInformatikk, økonomi og administrasjon
Bø
Bachelor
3 år
180
Målgruppe er studentar som har interesse for bruk av IT og korleis verksemder kan utnytte teknologi på ein effektiv måte. Studiet gir brei kompetanse i skjæringspunkta mellom informasjonsteknologi (IT), økonomi, organisasjon og jus. Det er eit stort behov for personar som både har forretningsforståing og god kunnskap om IT for at verksemder skal treffe strategisk rette val. Studiet kvalifiserer for eit bredt spekter av jobbar både innan sjølve IT-sektoren, men og generelt i privat næringsliv og offentleg forvaltning. Typiske arbeidsoppgåver kan vere konsulenttenester, leiing, design og drift av web-løysingar og nettverk, marknadsføring, teknisk sal og opplæring. Opptaksrav er generell studiekompetanse eller realkompetanse.
Målet med studiet er å gi studentane ei tverrfagleg og yrkesretta utdanning innan informatikk, økonomi, organisasjon og jus. Studiet kvalifiserer for vidare studium på masternivå.
Som Bachelor i informatikk og administrasjon er ein kvalifisert for vidare studium på masternivå. Høgskolen har utvekslingsavtaler med ei rekke universitet internasjonalt.
|
Ny fagblokk
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Studiet er ei grunnutdanning med normert studietid på 3 år, og fører fram til graden Bachelor i informatikk og administrasjon. Studiet er delt opp i emne som går over eitt semester.
Dei to første åra tilsvarar det 1-årig studiet i informatikk og det 1-årig studiet i bedriftsøkonomi.
Valemne: Det er mogleg å velje emner innan økonomi, matematikk og språk.
Det blir tatt atterhald om endringar i studieplanen.
Forelesingar, praktiske øvingar i datalaboratorium med rettleiing og prosjektoppgåver. I siste semester gjennomførast eit større hovudprosjekt. Prosjektet blir gjennomført i grupper og vil som hovudregel ha ekstern oppdragsgjevar.
Studiet er anvendt og tverrfagleg, men behandlar grunnleggjande teori innan fagområda. Det blir lagt vekt på å bruke aktuelle verkty og praktiske eksempel i undervisninga. Det er mogleg å ta inn praksis eller utanlandsopphald som del av studiet, helst i 3. studieår.
Studentanes kunnskapar i alle emne blir evaluert. Det blir nytta varierte evalueringsformer, se emneomtalene. Det blir bruka bokstavkarakterar A-F (med F som ikkje stått).
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Copyright © Høgskolen i Telemark