Innovasjon og entreprenørskap, fordypning
Se også: omtale i studiekatalogenInformatikk, økonomi og administrasjon
Bø
Fordypning
1 år
60
Målgruppa er personar som er interessert i og motivert for å lære meir om nyskaping og forretningsutvikling. Det kan vera personar som har ein forretningsidé dei vil utvikle i dag eller i framtida eller andre som vil kome inn i eit læringsmiljø der kreativitet, læring og målretta innsats står sentralt. Opptakskravet er to års høgare utdanning eller realkompetanse.
Målet for studiet er at kandidaten skal få kjennskap til og forståing for korleis det er å drive nyskapingsarbeid. Gjennom prosjektarbeid får ein trening i å møte problem og valsituasjonar som einkvar entreprenør opplever. Gjennom kurs, seminar og diskusjonar lærer ein å sjå utviklingsprosessen i eit breiare perspektiv og får kjennskap til modellar og arbeidsmetodar som vil gi betre struktur i prosessar som for mange verkar kaotiske. Etter fullført studium skal kandidaten vera godt rusta til å starte for seg sjølv, til å arbeide med utviklingsoppgåver i næringslivet eller offentleg forvaltning eller til å studere vidare t.d. mot ein Mastergrad.
Etter fullført studium skal kandidaten vera godt rusta til å starte for seg sjølv, til å arbeide med utviklingsoppgåver i næringslivet eller offentleg forvaltning eller til å studere vidare t.d. mot ein Mastergrad.
|
Ny fagblokk
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Studiet er 1-årig og gir 60 studiepoeng.
Gruppearbeid og diskusjonar står svært sentralt. Ofte vil forelesaren halde ei innleiing om temaet og så gi oppgåver for gruppearbeid. Det blir vidare nytta gjesteforelesarar, temaseminar og ekskursjonar.
Kandidatanes kunnskapar innanfor alle emne i studiet skal evaluerast. Aktuelle evalueringsformer går fram av emneomtalene.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Copyright © Høgskolen i Telemark