Informatikk, 1 år
Se også: omtale i studiekatalogenInformatikk, økonomi og administrasjon
Bø
1 år
60
Avdeling for allmennvitenskapelige fag
Målgruppe er studentar med interesse for informasjonsteknologi (IT). Studiet er veleigna i kombinasjonsutdanningar, for eksempel saman med økonomiske/administrative fag, natur- og miljøvernfag, eller språkfag i eit bachelorstudium, eller som påbygging til lærarutdanning. Det passar og for dei som ønskjer å forstå og bruke IT på ein betre måte i arbeidslivet. Opptakskrav er generell studiekompetanse eller realkomptanse, og 2 MX, 2 MY eller 3MZ.
Studiet skal gi studentane ei praktisk innføring i sentrale teknikkar, metodar og verkty innan IT.
Studiet kvalifiserar for opptak til andre studieår på både 3-årig bachelorstudium i informatikk og 3-årig bachelorstudium i informatikk og administrasjon.
|
Ny fagblokk
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Studiet er ei grunnutdanning med normert studietid på 1 år, og kan inngå i ein bachelorgrad. Studiet er delt opp i emner som går over eitt semester.
Det blir tatt atterhald om endringar i studieplanen.
Forelesingar, praktiske øvingar i datalaboratorium med rettleiing, prosjektoppgåver.
Studiet har ei praktisk vinkling, men tek for seg grunnleggjande teori innan fagområdet. Det blir lagt vekt på å bruke aktuelle verkty og praktiske eksempel i undervisninga.
Kandidatanes kunnskapar innanfor alle emne i studiet blir evaluert. Det blir brukt ulike evalueringsformer og bokstavkarakterar A-F (med F som ikkje stått). Aktuelle evalueringsformer går fram av emneomtalene.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Copyright © Høgskolen i Telemark