HiT-logo

Vinterfestival på Rauland

Frå 11. -15. februar blir Rauland internasjonale vinterfestival arrangert. Institutt for Folkekultur ved Høgskolen i Telemark skipar festivalen for åttande gong.

studentar og ansatte i skjønn forening

Festivalen er blitt ein møteplass for norske og utanlandske artistar, studentar, tidlegare studentar og lærarar frå ulike Erasmuspartnarar og publikum og gjestar frå heile landet.

I år er det våre partnarar frå Ferenc Liszt Academy i Budapest, Moholy-Nagy University of Arts and Design Budapest og University of Newcastle som stiller både med studentar og lærarar.

- Dette er en hektisk og stimulerande veke her oppi fjellet. Det skjer så mykje innan musikk, kunst, handverk og opplevelser. Dette er ein viktig møteplass for studentar og tilsette på Rauland, fortel instituttleiar Bodil Akselvoll.

Festivalen opnar alt på onsdag, og fram til og med søndag vil det vere mogleg å delta både på musikkverkstader, ulike handverkskurs, konsertar, pubkveld, dans og kappleik. Kappleiken er som vanleg eit studentprosjekt gjennomført av studentane på folkemusikk I og Norwegian Folk Music.

Det vert tevla i vokal, spel og dans, i junior- og seniorklasse. Det vert òg ein rekruttklasse.

- Vi har flotte vandrarpremiar i vokal folkemusikk, dans, fele/hardingfele og junior. Desse er ølbolle, sølvspenner, feleboge av Niels J. Røyne, og ein liten utskoren trebjørn, fortel stundet og marknadsanvsarleg for vinterfestivalen Bjørn Tore Pedersen

Kappleiken held fram frå klokka 12 og utover laurdag 14. februar.

På søndagen skal eigne masterstudentar i tradisjonskunst Anne Gravir Klykken og Frøydis Grorud holde konsert på Skinnarlandssamlinga.

Heile programmet finner du her: http://vinterfestival.hit.no/artistar.htm



Skrevet ut fra: http://www.hit.no//Om-HiT/Presserom/Nyhetsarkiv/2015/Vinterfestival-paa-Rauland