Ved å ta ein mastergrad i dansevitskap vil du verte i stand til å undervise i teoretiske emne innafor danseutdanningar på fleire nivå. Det kan vere spesiallinjer i vidaregåande skule, i lærerutdanninga eller på andre universitet og høgskular med danse- og bevegelsesfag, eller til dømes musikk eller teatervitskap. Mange er i undervisingsstillingar, men kjenner behov for ei spesialisering og ei styrking av den kunnskapen dei allerede sit inne med.
Studiet gir vidare utgangspunkt for å vise og utvikle behovet for fagstillingar av forskjellige typar i arkivinstitusjonar og ved dansescener.
Studiet er óg det første steget i retning av ei forskarutdanning.
NTNU, 7491 Trondheim, tlf. 73 59 50 00.
Kontakt oss
Ansvarlig redaktør: Informasjonssjef Christian Fossen