PhD-avhandlinga skal vere eit sjølvstendig, vitskapleg arbeid av internasjonal standard og på eit høgt fagleg nivå. Avhandlinga skal medverke til å utvikle ny fagleg kunnskap og ligge på eit fagleg nivå som tilseier at ho vil kunne bli publisert som ein del av den vitskaplege litteraturen innafor fagområdet.
Avhandlinga skal fortrinnsvis vere skrive på engelsk eller norsk. Ei avhandling skrive på dansk, svensk, tysk og fransk vil, fordi desse språka er fag og forskingsområde ved Det historisk-filosofiske fakultetet, bli godteken utan nærmare vurdering. Viss kandidaten ønskjer å bruke eit anna språk enn desse, skal det vere søkt om dette ved opptak.
Omfanget på ei PhD-avhandling ved Det historisk-filosofiske fakultetet vil naturleg variere mellom ulike fagområde innanfor humaniora og ut frå tema for avhandlinga. Det historisk-filosofiske fakultetet rår likevel til at omfanget på ei PhD-avhandling normalt ikkje bør overstige 300 sider.