Menyoversikt Tilgjengelighet
NTNU
Startside Studier Student i Trondheim Etter- og videreutdanning Forskning Næringsliv og nyskaping Om NTNU Aktuelt

Dei kulturhistoriske samlingane ved Vitenskapsmuseet
Dei kulturhistoriske samlingane har ei historie som går attende til 1760-åra, da Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab tok til å samle serleg naturhistorisk materiale, men også kulturhistorisk.

Som andre gamle museum samla det gjenstandar over eit vidt spekter slik at samlingane er mangslungne. Det var einaste museum i Midt-Noreg inntil dei fyrste spesialmusea i Trondheim kom med Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum i 1893 og Sverresborg Trøndelag Folkemuseum i 1909.

Samlingane på Kalvskinnet er dei arkeologiske samlingane, myntsamling, kyrkjesamling, sørsamisk samling, etterreformatorisk samling, etnografisk samling og Hammers samling.

Sikring av samlingane
Hyllestystemer
Hyllesystemer
Foto: Roar Sæterhaug

Seksjon for arkeologi har ansvaret for at samlingane vert oppbevarte på forsvarleg vis og i magasin og utstillingar som er sikra mot skader. Gjenstandar av organisk materiale som tre, lær og tekstil, krev jamn temperatur og stabil fukt for ikkje å rotne eller mugne. Våtmagasinet held 50-55 % luftfukt og ikkje over 18 grader. Gjenstandar av metall og stein må ha turrare klima. Også utstillingsmontra må tilfredsstille krava. I mellomalderutstillinga i Suhm-huset er det til dømes ein eigen, liten monter til metallgjenstanda inne i ein større monter som er tilpassa kravet for tre og lær. Heile rommet der kyrkjeutstyret er stilt ut, er spesialinnretta for måla tregjenstandar, tekstil og andre organise material, dvs det er klimastyrt, utan vindauge.

Ingen kan hindre heilt at gjenstandar forvitrer, men forsvarleg oppbevaring kan utsettja nedbrytingsprosessen slik at forskarar kan rekke å få så mykje kunnskap som mogeleg uta av det uerstattelege forskingsmaterialet.

Det krevst same sikringsvilkår når gjenstandar vert lånte ut til andre museum og utstillingar.

Vitskapsmuseet er i gang med å registrere alle gjenstandane inn på datamaskin, der dei er beskrevne i tekst og digitalt fotografert.

Etnografisk samling
Eskimogjenstander frå Grønnland
Eskimogjenstander
Foto: © Per Fredriksen

Samlinga er tilfeldig samansett av ulike gåver både frå Noreg og utlandet. Ikkje minst interessante er dei gjenstandane som Fridtjof Nansen og hans ekspedisjonsmedlemmar som gjekk på ski over Grønland, gav til museet, mellom anna Nansens skinnanorakk og skinnkajakk.

Blant gjenstandane i samlinga er ein del eskimogjenstandar frå Grønland, samla inn alt på 1700-talet, ein japansk rustning, en krissdolk frå Java osb.

Hammers samling
Globus fra Hammers samling
Globus fra Hammers samling
Foto: © Per Fredriksen

Samlinga er eit godt døme på kva ein kunnskapsrik og velutdanna embedsmann samla på 1700-talet. Christopher Blix Hammer (1720-1804) var generalkonduktør, dvs. landmåler, i Akershus stift og bodde på på Hadeland. Han var utdanna i jus, teologi, språk, matematikk og arbeidde med naturvitskaplege studiar og historie. Han var ein av dei fyrste som ivra for eit norsk universitet. Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab arva alt etter han, - 20 000 riksdaler, bøker og samlinga. Mellom dei vel hundre gjenstandane er det mange sjeldne, deriblant modell av eskiomoisk skinnbåt med mannskap, matematiske måleinstrument, barometer og globusar. Samlinga er ikkje utstilt.

Etterreformatorisk samling
Primstav frå tida etter reformasjonen i 1537
Primstav frå tida etter reformasjonen i 1537
Foto: © Per Fredriksen

Dette er gjenstandar frå tida etter reformasjonen i 1537. Samlinga er mangslungen og delar ber preg av ikkje å vera planmessig innsamla, men inngår naturleg i det breie spektret som dei eldste musea samla etter. Her er gjenstandar tildomes frå borgarlege, velståande heimar i Trondheim, folkekunst, møblar og anna. Samlinga har verdi ikkje berre avdi ho inneheld verdefulle gjenstandar, men også avdi ho gjev eit bilete av innsamlingsverksemda på eit gamalt museum. Samlinga er for tida ikkje utstillt.

Sørsamisk samling
Sølvkopp samisk miljø
Sølvkopp samisk miljø
Foto: Brynja Bjørk Birgisdottir

Samlinga inneheld for det meste sørsamiske gjenstandar frå Midt-Norge, men der er også nokre lule-samiske gjenstandar. Samlinga inneheld både gamle ting og gjenstandar som er laga på 1900-talet. Hovudstykket i samlinga er ei runebomme frå privatsamlinga til biskop Ernst Gunnerus, som var ein av stiftarane av Det Kongelige Norske Videnskapbers Selskab. Runebomma er utstilt.

Skei fra Samisk område
Skei fra Samisk område
Foto: Brynja Bjørk Birgisdottir
Myntsamlinga
Dinar fra Cæsar Augustus
Dinar Cæsar Augustus
Foto: © Per Fredriksen

Myntsamlingen ble grunnlagt ca 1840 av dikteren og juristen Conrad Nicolai Schwach og teller ca. 40.000 numismatiske gjenstander. Det vil si mynter, medaljer, ordner, pengesedler og polletter. Samlingen inneholder mynter fra hele verden, hvor de eldste kan dateres til 300-tallet f.Kr (greske og romerske) og de yngste er årlige pliktavleveringer fra Den Kongelige Mynt på Kongsberg.

Gjenstandene er delvis kjøpt av museet eller gitt som gaver. Deler av samlingen består imidlertid av mynter som er funnet i Vitenskapsmuseets forvaltningsområde (se: Den arkeologiske samlingen). Disse myntfunnene er viktige kilder til forståelsen av utmynting, myntbruk og handelsforbindelser i Skandinavia og Nord-Europa i vikingtid og middelalder.

Den siste større myntutstillingen ved Vitenskapsmuseet ble tatt ned i 1981, men mynter inngår som deler av de større arkeologiske utstillingene.

Brakteater
Brakteater
Foto: © Per Fredriksen
Kyrkjesamlinga
St. Michael
St. Michael
Foto: © Per Fredriksen

Samlinga omfatter kyrkjeutstyr frå 1100-talet til 1800-talet. Det er for det meste gjenstandar med liturgisk funksjon, altså ikkje kunst i snever forstand. Gjenstandane er komne inn som gåver og kjøp, serleg da mykje gamalt kyrkjeutstyr vart skifta ut i andre halvdelen av 1800-talet. Kyrkjesamlinga på Vitskapsmuseet er ikkje stor, men mange av gjenstandane har høg kunstnerisk og handverksmessig kvalitet. Samlinga er krevjande å konservere avdi det er tekstilar, måla tregjenstandar, finare altersylv o.a. Det meste av samlinga er utstilt i Schøning-huset.