Samlinga er eit godt døme på kva ein kunnskapsrik og velutdanna embetsmann samla på 1700-talet. Christopher Blix Hammer (1720-1804) var generalkonduktør, dvs. landmålar, i Akershus stift og budde på på Hadeland. Han var utdanna i jus, teologi, språk, matematikk og arbeidde med naturvitskaplege studiar og historie. Han var ein av dei fyrste som ivra for eit norsk universitet. Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab arva alt etter han – 20 000 riksdalar, bøker og samlinga. Mellom dei vel hundre gjenstandane er det mange sjeldne, deriblant modell av eskiomoisk skinnbåt med mannskap, matematiske måleinstrument, barometer og globusar. Samlinga er ikkje utstilt.