Patentstyret
Patentstyret
Service-erklæringa
Det norske næringslivet har stor sett små og mellomstore bedrifter, og mange av dykk er bygde opp rundt ein forretningsidé eller ei produktgruppe. Dette representerer dei største aktiva for bedrifta di, sjølve verdigrunnlaget.

Kunnskap om korleis du kan verne verdigrunnlaget til bedrifta di mot konkurranse, er difor svært viktig. Oversikt over kven som eig ulike rettar, gjer det mogleg for deg og bedrifta å hente inspirasjon, unngå å krenkje rettane til andre og sikre investeringar i nyutvikling. Patentstyret tilbyr slike tenester på eit kommersielt grunnlag.

Patentstyret kan gi deg einerett til å nytte den tekniske oppfinninga di, varemerket ditt eller designen din. Ein bevisst strategi om bruk av dette vernet medverkar til å skape økonomisk vekst for deg og bedrifta di.

 

Bruk menyen til høgre og få svar på desse spørsmåla:

 

 Kva kostar det?

 Kor lang tid tek det?
 Korleis går eg fram?
 Kan eg gjere det i utlandet?
 Kva kan Patentstyret gjere for meg?
 Korleis kan eg lære meir?
 Kva gjer ikkje Patentstyret

Patentstyret er for tida inne i ein større prosess med å gå over til elektronisk saksbehandling. Somme arbeidsprosessar kan i denne perioden difor ta litt lengre tid enn det vi har lova i service-erklæringa.

Service-erklæringa vil bli oppdatert med jamne mellomrom.

 Tilbakemeldingar, forslag og klager frå kundane våre

Sist endret: 03.01.2006


Utviklet i samarbeid med Gazette