...vil du søkje i utlandet?
...vil du søkje i Noreg?
- Hos oss får du rettleiing om framgangsmåten for å søkje registrering av varemerker i Noreg.
- For elektronisk innlevering av søknader og korrespondanse ber vi deg om å bruke www.altinn.no.
- Når du har levert inn ein søknad, sender vi ein faktura på søknadsavgifta. Fakturaen er ei stadfestinga på at vi har motteke søknaden. Vi sender han innan 10 yrkedagar etter innleveringsdagen, og du får ein frist på 4 veker til å betale.
- Dersom søknaden inneheld formelle feil, tek vi kontakt med deg, slik at du får høve til å rette feilen innan fristen.
- Vi undersøkjer om det finst noko som hindrar registrering. Er det ingen hindringar, blir varemerket registrert innan 6 månader frå innleveringa.
- Dersom det er noko som hindrar registreringa, sender vi deg eit brev om det innan 6 månader etter at søknaden er innlevert. Under behandlinga av søknaden, vil vi stort sett kommunisere med deg pr. brev. - Dersom du og Patentstyret ikkje blir einige, kan du eller vi ta initiativ til at saka blir teken opp til avgjersle. Avgjersla skal då liggje føre innan 6 månader etter dette.
- Når søknaden er ferdig behandla, og vilkåra for å gi registrering er oppfylte, blir varemerket registrert. Du får tilsendt ei stadfesting på eineretten din innan 15 yrkedagar etter registreringa. Samtidig blir registreringa kunngjord i Norsk Varemerketidende.
- Vi kunngjer Norsk Varemerketidende på dette nettstadet annakvar veke dersom du ønskjer å følgje med på kva for varemerke som blir registrerte.
- Alle kan levere motsegn mot registreringa av eit varemerke innan 2 månader frå kunngjeringsdagen. Det inneber at du kan gjere Patentstyret merksam på at du meiner det er grunnar til at varemerket ikkje kan registrerast.
- Opplysningar om endringar blir førte inn i varemerkeregisteret innan 15 yrkedagar etter at vi har fått komplett dokumentasjon. Vi ber deg bruke våre skjema for registerendringar.
- Du kan bestille ein stadfest kopi av varemerkesøknaden din eller registreringa. Vi sender kopien innan 5 yrkedagar etter at vi har fått avgifta. Du kan bruke dokumentet som prioritetsdokument eller for å dokumentere rettane dine, for eksempel overfor nokon som misbruker varemerket ditt.
- Du kan bestille kopi av varemerkesøknader eller registreringar som gjeld andre. Vi sender kopiane innan 3 yrkedagar etter bestillinga di dersom du ikkje høyrer noko anna frå oss. Sjå prislista.
- For å halde varemerket ditt ved lag, betaler du ei avgift kvart 10. år. Du må betale avgifta innan fristen eller tidlegast eitt år før. Du vel sjølv kor lenge du ønskjer å halde varemerket ditt ved lag. Fornyinga blir registrert ved at du betaler inn avgifta og sender oss ein melding om fornying (sjå eige skjema for dette). Vi sender varsel til deg før fornyingsfristen går ut. Skulle du gløyme å betale avgifta, sender vi deg eit varsel om det. Vi gjer merksam på at dersom du betaler fornyingsavgifta etter utløpet av registreringsperioden må du betale ei tilleggsavgift. Vi sender fornyingsbrevet innan 15 yrkedagar etter at avgifta er komen inn til oss.
- Vern av fellesmerke følgjer reglane for varemerke, men har i tillegg eigne føresegner for bruken av merket. For eksempel kan ei foreining av næringsdrivande søkje om å få registeret eit fellesmerke.
- Ei vare av gull, sølv eller platina som det er ført finleiksstandard på (f.eks. 830), skal det òg førast ansvarsmerke på. Ein søknad om ansvarsmerke blir behandla ferdig innan 14 dagar etter at Patentstyret har fått søknadsavgifta.
... vil du søkje i utlandet?
Du kan velje å levere inn søknad i kvart enkelt land. Dersom du gjer det, må du nytte ein fullmektig i kvart av landa. Fullmektigen vil rettleie deg om reglane som gjeld for registrering av varemerke der.
Fordi Noreg har slutta seg til Madridprotokollen kan du nytte det internasjonale søknadssystemet for varemerke. Patentstyret tek imot søknaden din og sender han til World Intellectual Property Organization (WIPO). WIPO formidlar han til dei landa du ønskjer å søkje vern i. Det inneber at du slepp å bruke fullmektig i kvart land, og du treng berre å sende inn éin søknad. For å kunne nytte dette systemet, må du først ha ein norsk søknad eller ei norsk registrering.
Tilbakemeldingar, forslag og klager
Skulle du oppleve at vi ikkje held det vi lovar på varemerkeområdet gi oss gjerne ei tilbakemelding. Tilbakemeldingar om avgifter, varemerkeregisteret, Norsk Varemerketidende og kopibestillingar tek vi også gjerne i mot.Les meir om tilbakemeldingar, forslag og klager
Tilbakemelding frå deg er viktig for forholdet vårt til deg som kunde, og for den kontinuerlege vurderinga av rutinane våre.Dersom du melder frå om brot på service-erklæringa, informerer vi deg om årsaka til brotet og om korleis vi i Patentstyret vil følgje det opp. Tilbakemeldinga vil difor kunne kome både deg og andre av Patentstyrets sine kundar til gode seinare i kontakten med oss.