Styringsdialogen
Gjennom jamlege møter mellom Politidirektoratet og det enkelte politidistrikt/spesialeininga, vert det sikra at etaten når måla, med rett kvalitet, og i forhold til dei planane som er utarbeidde.
I denne prosessen vert dei langsiktige strategiske tiltaka skapt, som bestemmer politiets arbeid. Politietaten samarbeider også med ei rekkje andre etatar under ulike departement.
Storting, Justisdepartementet og riksadvokaten set mål for verksemda til politiet.
Statsbudsjettet
Statsbudsjettet (Stortingsproporsisjon nr 1) gir dei økonomiske rammene. Økonomien er knytt til mål, prioriteringar og satsingsområde. Det ligg eit langt og omfattande arbeid bak statsbudsjettet, kor Politidirektoratet og Justisdepartementet kjem med innspel. Når Stortinget har vedteke statsbudsjettet skal det iverksetjast av dei ulike departementa og underliggande etatar.
Tildelingsbrevet frå Justisdepartementet
Med utgangspunkt i dei måla, prioriteringane og økonomiske rammene som ligg i statsbudsjettet, utarbeider Justisdepartementet tildelingsbrevet til Politidirektoratet, som gir føringar for politiets arbeid i budsjettperioden. Når Politidirektoratet har motteke tildelingsbrevet, startar arbeidet med å konkretisere dette som styringsdokument for politidistrikt og andre einingar.
Mål og prioriteringar frå riksadvokaten
Rundskrivet om mål og prioriteringar frå riksadvokaten til politidistrikt og spesialeiningar i politiet legg føringar for behandlinga av straffesaker. Riksadvokaten set krav til etterforsking, avgjerd om å ta ut påtale i saker, iretteføring og iverksetjing av straffefullbyrding, og peikar på kriminalitet som skal prioriterast særskilt.
Disponeringsskrivet frå Politidirektoratet til distrikt og spesialeiningar
Med utgangspunkt i Tildelingsbrevet frå Justisdepartementet og riksadvokatens brev, utarbeider Politidirektoratet disponeringsskrivet til politidistrikta og spesialeiningane. Disponeringsskrivet konkretiserer oppgåvene politiet skal prioritere, kva mål som skal nåast og korleis ressursane i politiet skal brukast i budsjettperioden. Disponeringsskrivet, som vert utarbeidd i samarbeid med riksadvokaten, er også utgangspunktet for styringsdialogen mellom Politidirektoratet og distrikt/spesialeiningar gjennom året.
Internasjonale plikter
Politiet inngår i ulike forpliktande samarbeid, både i nordisk, europeisk og internasjonal samanheng. Du kan lese meir om internasjonalt samarbeid her.
Handlingsplanar og strategidokument
For prioriterte satsingsområde vert det gjerne utarbeidd strategidokument, handlingsplanar eller spesielle tiltaksdokument. Både Justisdepartementet, Politidirektoratet, det enkelte politidistrikt og den enkelte spesialeininga utarbeider slike. Politiet samarbeider også med andre etatar på satsingsområde der det er naturleg.
Lokale tiltak
Kriminalitetsbiletet og utfordringane til politiet varierer mellom dei ulike distrikta. Sentrale føringar blir tilpassa distriktet, og særlege trekk i distriktet vert prioritert lokalt.