Om UDI
UDI sitt mål er at norsk innvandrings- og flyktningepolitikk skal vere så effektiv, riktig og omsynsfull som råd er.
Målet krev ei rask og rett sakshandsaming av alle innkomne søknader og eit omfattande engasjement for mange av dei einskildmenneska som av ulike grunnar kjem til Noreg.
Det er viktig for UDI at alle som buset seg i landet, blir best mogleg integrerte. I samarbeid med kommunar og andre styresmakter arbeider vi heile tida for å leggje til rette mottak, arbeidsplassar og samfunnet elles.
Viktige ansvarsområde for UDI:
- Handsame søknader om mellom anna visum, opphaldsløyve, arbeidsløyve, statsborgarskap og asyl
- Utlendingskontroll
- Ta i mot asylsøkjarar
Sist oppdatert:
03.02.2006
Publisert:
19.04.2004