Hopp til hovedinnholdet Hopp til søk
Bokmål tips en vennTips en venn  skriv ut denne sidenSkriv ut  skriv ut denne sidenAbonnere

Fleire vil arbeide i Noreg

55 000 arbeidsløyve til personar frå dei nye EØS-landa, over 2 000 nye faglærte arbeidsinnvandrarar, 14 000 familieinnvandrarar og 2 600 som fekk opphald i Noreg etter asylbehandling. Det var nokre av nøkkeltala direktør Ida Børresen la fram på pressekonferansen for året 2006 tysdag 23. januar.

Flest arbeidsløyve blei gitte til personar frå Polen, nesten 39 000, mens i underkant av 11 000 frå Litauen fekk innvilga arbeidsløyve.

India ligg suverent på topp når det gjeld løyve til faglærte, og talet er tidobla på to år. USA og Russland følgjer på dei neste plassane.

Polen ligg på topp også når det gjeld land med størst familieinnvandring til Noreg. 1 700 av totalt 14 000 som fekk opphaldsløyve etter søknad om familieinnvandring er frå Polen. Auken skuldast i stor grad at arbeidsinnvandrarar frå Polen bur i Noreg over lengre periodar og mange av desse får familiane hit.

Stabil mengd asylsøkjarar

Mengda asylsøkjarar til Noreg har stabilisert seg dei siste åra, og i 2006 fekk 2 600 innvilga asyl eller ei anna form for opphald i Noreg. Over halvparten av asylsøknadene som blei realitetsbehandla i fjor blei innvilga.

330 asylsøkjarar frå Somalia fekk innvilga opphaldsløyve, 325 frå Russland og 290 frå Irak.

Det blir stadig færre som bur i asylmottak i Noreg. Mens 2006 starta med om lag 9 000 bebuarar, bur det ved utgangen av året 7 400 personar i 66 asylmottak i Noreg.

Les pressemeldingane:



Sist oppdatert: 23.01.2007
Publisert: 23.01.2007