Hopp til hovedinnholdet Hopp til søk
Bokmål tips en vennTips en venn  skriv ut denne sidenSkriv ut  skriv ut denne sidenAbonnere

Arbeids- og opphaldsløyve

I samband med dei siste dagars presseoppslag om fotballspelaren Ramiro Corrales som har opphalde seg åtte månader i Noreg utan gyldig arbeids- og opphaldsløyve, vil Utlendingsdirektoratet understreke at ein arbeidstakar har sjølvstendig plikt til å kontrollere at han har nødvendig arbeidsløyve før han tiltrer eit arbeidsforhold.

Arbeidsgivar har likevel også ei plikt til å undersøkje om vedkomande har gyldig arbeidsløyve før han gjer bruk av utanlandsk arbeidskraft.

Det vil komme fram av vedtaket om arbeids- og opphaldsløyve kor lenge tillatinga er gyldig. Andre vilkår for tillatinga vil også komme fram av vedtaket.

Personar som har opphalde seg og arbeidd i Noreg utan opphalds- og arbeidsløyve, har overtrøtt Utlendingsloven, og kan utvisast frå Noreg. Utlendingar som har fått eit vedtak om utvising, kan klage på Utlendingsdirektoratets avgjerd. Klaga blir retta til UDI som kan gjere om vedtaket, eller sende det vidare til Utlendingsnemnda som klageinstans.

Ulovleg arbeid kan medføre straffeansvar både for arbeidstakar og arbeidsgivar. Det er likevel opp til politiet å ta ut påtale.

Utvising frå Schengen-området

Eit vedtak om utvising kan medføre at utlendingen må forlate Noreg. Det inneber eit innreiseforbod til alle Schengen-land. Det vil komme fram av vedtaket kor lang tidsperiode utvisinga gjeld for.

Myndigheitene i det enkelte Schengen-land kan gi særskild løyve til innreise i denne perioden.



Sist oppdatert: 12.02.2007
Publisert: 12.02.2007