UDI har klare retningsliner for handtering av habilitet når det gjeld tilsette med utanlandsk bakgrunn eller som er i nær familie med personar med utanlandsk bakgrunn, seier direktør Ida Børresen.
Måndag 25. juni skreiv VG om ein marokkanar som tidligare har vore utvist frå Noreg og som no er gift med ein midlertidig tilsett i UDI.
Oppslaget kan gje inntrykk av at det er ein samanheng mellom forholdet til den UDI-tilsatte, det at han no kan opphalde seg i Noreg og søkje om familiesameining, og eit eventuelt utfall i saka.
Det er difor grunn til å understreke at denne mannen ikkje lenger er utvist frå Noreg, og at han i samsvar med regelverket opphaldt seg lovleg i Noreg då UDI-medarbeidaren byrja i sitt vikariat i april i år.
Det er også heilt sjølvsagt at søknaden om familiesameining vil bli behandla på line med alle liknande saker og i samsvar med det det gjeldande regelverket.
Eg vil vidare understreke at UDI-medarbeidaren ikkje behandlar einskilde saker, men jobbar med å førebu saker til behandling. Ho arbeider også i ei anna avdeling enn den som behandlar saker om familiesamening.
UDI behandlar 90 000 saker kvart år og har sjølvsagt klare retningsliner for handtering av habilitet når det gjeld personar med utanlandsk bakgrunn eller som er i nær familie med personar med utanlandsk bakgrunn. Retningslinene er påpassa i denne saka.