Hopp til hovedinnholdet Hopp til søk
Bokmål tips en vennTips en venn  skriv ut denne sidenSkriv ut  skriv ut denne sidenAbonnere

Arbeidsløyve for fotballspelarar

Arbeidsløyve for fotballspelarar kan bli gitt til ein spelar som har kompetanse det er vanskeleg å finne i Noreg, og som skal forsterke førstelaget til ein norsk klubb. Eit løyve vert i første omgang gitt for inntil eit år.

I samband med at overgangsvindauget for fotballspelarar opna 1. juli og er ope til 31. august, gir Utlendingsdirektoratet og Norges Fotballforbund greie for regelverket og prosedyrene rundt arbeidsløyve til fotballspelarar.

Prosedyre

Spelarar som kjem frå land utanfor EU og EØS, kan kome til Noreg som turistar (gjeld dei som kjem frå eit visumfritt land) eller på turistvisum for å vise seg fram eller prøvespille for ein ny klubb for å få ein kontrakt med klubben. Klubben må spele i Tippeligaen eller i Adeccoligaen eller Toppserien for kvinner. Turistvisumet gjeld for inntil 3 måneder, og spelaren søkjer visum på ein utenriksstasjon.

Når ein spelar signerer ein kontrakt med ein klubb, må han/ho søkje arbeidsløyve via politiet. Politiet kan, dersom det er lagt fram ei anbefaling frå Norges Fotballforbund, gi eit mellombels løyve til å starte arbeidet. Utlendingsdirektoratet vil deretter avgjere sjølve søknaden om arbeidsløyve. Spelaren kan, etter signering av spillerkontrakten, korkje trene med eller spele for klubben inntil han/ho har fått arbeidsløyve. Det å trene med eller spele for klubben før ein har fått arbeidsløyve, reknast for å starte arbeidsforholdet.

Vilkår for å få arbeidsløyve

For å kunne få arbeidsløyve som fotballspiller, må ein fylle desse kriteria:

  • Lova seier at det skal være idrett på høgt nivå. Dette inneber at ein må ha blitt tilbode arbeid for eit lag anten i Tippeligaen, Adeccoligaen eller Toppserien for kvinner.
  • Kompetansen til spelaren må bli sett på som absolutt naudsynt for klubben med tanke på å fortsette verksemda eller i samband med auka satsing på nasjonalt og/eller internasjonalt nivå. I utgangspunktet skal kvaliteten til den aktuelle spelaren være vanskelig å finne i Noreg, og spelaren skal være ei forsterking av førstelaget til klubben.
  • Spelaren skal ha ein arbeidskontrakt med ei inntekt på minst lønnstrinn 1 i staten sitt lønnsregulativ, noko som utgjer 182.400 kroner i året. Dersom klubben dekkjer kost og losji for spelaren, kan summen av desse utgiftene og lønna til saman utgjere 182.400.
  • Arbeidsløyve som idrettsutøvar skal knyttast til eit bestemt arbeid og ein bestemt arbeidsstad. Dersom klubben har fleire lag, inneber dette at arbeidsløyva skal knyttast til eit bestemt lag, som regel førstelaget. Dette er likevel ikkje til hinder for at utøvaren også kan være aktiv på andre lag i klubben, for eksempel rekrutteringslag i samband med kamptrening. Ved utlån av spelaren må klubben som låner spelaren søkje om eit nytt arbeidsløyve.
  • Det må som hovudregel dreie seg om arbdeid på heiltid.

Rolla til Noregs Fotballforbund

UDI behandler søknader om arbeidsløyve. Før UDI fatter vedtak i ei sak, blir det alltid henta inn ei utgreiing frå Norges Fotballforbund. Årsaken til dette er at Norges Fotballforbund har ein langt større kompetanse til å vurdere spelaren enn det saksbehandlarane i UDI har.

Norges Fotballforbund ber klubben dokumentere spelaren sin kompetanse ved mellom anna å sende inn spelaren si merittliste, samt dokumentasjon på tidlegare klubbar og spelte landslagskampar. Dette vert gjort for å kunne dokumentere at spelaren er god nok til å kunne forsterke førstelaget. Norges Fotballforbund bygger vurderinga av spelaren sin kompetanse i stor grad på dokumentasjonen og utgreiinga frå klubben.

Klubbane blir også bedt om å gjere greie for kvifor og korleis dei meiner denne spelaren er absolutt naudsynt for verksemda.

Anbefalinga frå Noreges Fotballforbund blir som hovudregel gitt avgjerande vekt, men er ikkje bindande for UDI si vurdering av søknaden.

Arbeidsløyvet blir gitt for eit år

Eit arbeidsløyve for ein fotballspelarar blir gitt for eit år. Årsaken til dette er mellom anna at klubben ein speler for, kan rykke ned frå Adeccoligaen og Toppserien, og ikkje lenger danne grunnlag for løyvet.

Det blir også krevd ein viss aktivitet på laget arbeidsløyvet er knytt til. Spelaren må som hovudregel spele minst halvparten av dei obligatoriske kampane førstelaget speler i det året utøvaren har arbeidskontrakt, sett at utøvaren er skadefri og tilgjengeleg for spel.

Dersom spelaren ikkje har spela minst halvparten av kampane, kan dette innebere at utøvaren ikkje lenger fyller vilkåret om heiltidsarbeid og at søknaden om fornying blir avslått. Ved vurderinga blir det lagt vekt på årsaken til manglande aktivitet og deretter om det blir forventa at utøvaren, ut frå dei opplysningane som er gitt, vil fylle kravet i framtida.

Saksbehandlingstider

Både UDI og Norges Fotballforbund er avhengig av at spelaren og klubben gir god dokumentasjon på at spelaren fyller krava til å få arbeidsløyve. Dess bedre informasjon som er lagt ved søknaden, dess raskere vil søknaden bli behandla.

Mellombels arbeidsløyve

Ein kan søkje om mellombels arbeidsløyve. Politiet kan innvilge denne søknaden dersom Norges Fotballforbund har anbefalt at søkjaren skal få arbeidsløyve, fordi det er sannsynlig at søknaden om arbeidsløyve vil bli innvilga.

Individuell vurdering

Det blir understreka at kvar einskild sak får ei individuell vurdering.

Klage på vedtak

UDI sine vedtak kan bli påklaga.

Her finn du meir utfyllande informasjon om arbeidsløyve for idrettsutøvarar.



Sist oppdatert: 09.07.2007
Publisert: 09.07.2007