Hopp til hovedinnholdet Hopp til søk
Bokmål tips en vennTips en venn  skriv ut denne sidenSkriv ut  skriv ut denne sidenAbonnere

Ei ny utanlandsforvaltning

For eit år sidan fekk Utlendingsdirektoratet (UDI) kritikk for handsaminga av sakene til ei gruppe nord-irakarar. UDI har derimot utfordringar som har kome i skugga av granskinga.

Publisert i: VG
Av: Ida Børresen

UDI skal leggje til rette for ynskja og lovleg innvandring og samstundes hindre ulovleg immigrasjon. I det året som er gått har UDI saman med Arbeids- og Inkluderingsdepartementet gjennomført ei rekkje tiltak som skal hindre at noko liknande kan skje igjen.

Det er alltid krevjande for ein organisasjon og dei tilsette å verta utsette for ein så massiv medieomtale og kritikk som det UDI opplevde. Samstundes gjorde granskinga og handsaminga i Stortinget det mogleg å nytte meir tid på systematisk kvalitetsarbeid.

UDI har derimot utfordringar som har kome i skuggen av granskinga. Då eg på kortast mogleg varsel kom inn i direktoratet 7. april i fjor, som fungerande direktør, møtte eg ei verksemd som var godt organisert, som hadde mange gode styringssystem, og tilsette prega av høg kompetanse. Det var ei positiv oppleving.

Finansiering

Den mest akutte utfordringa eg møtte galdt finansieringa av direktoratet. Ei generell underfinansiering kombinert med ei kraftig auke i talet på innkomne saker, hadde skapt ein uakseptabel situasjon med auka saksbunker og restansar, lengre sakshandssamingstider og generelt dårlegare service overfor alle som er avhengige av UDI sine tenester og vedtak.

Eg er glad for at Regjeringa såg at situasjonen måtte bli snudd. Nyleg vedtok Stortinget ei tilleggsbevilling til UDI på 82,5 millioner kroner. Etter kvart som vi får omsett desse pengane til kompetente tilsette, er alt lagt til rette for at vi skal få redusert talet på saker som ventar på handsaming.

Men året i UDI har lært meg at fleire tilsette ikkje er tilstrekkeleg for å skape ei moderne utanlandsforvalting tilpassa forventningane til omgjevnadene. Framleis skjer mykje av sakshandsaminga gjennom papirmapper og manuelle operasjonar. Fleire tonn med papir blir fysisk flytta mellom utanriksstasjonar, politiet, UDI og Utlendingsnemnda. I ei verksemd som handterer 90.000 saker kvart år er dette tidkrevjande og ineffektivt.

Elektronisk sakshandsaming

Slik treng det slett ikkje å vere i vår elektroniske tidsalder. UDI har planane klare for å kunne gå over til full elektronisk sakshandsaming. Det vil mellom anna innebere at brukarane skal kunne levere elektroniske søknader for enkelte typer løyve eller sjekke status på nettet. Andre offentlege mynde, som skatteetaten og Lånekassa, har vist korleis dette kan bli gjort. Utlendingsmyndene skal ikkje ha eit lågare ambisjonsnivå. Her er det store gevinstar å hente i form av betre service og auka effektivitet.

Ei moderne utanlandsforvalting skal kunne gje søkjarane svar innan rimeleg tid, vere tilgjengeleg for elektronisk kommunikasjon 24 timer i døgnet og ikkje minst gje god og forståeleg rettleiing om reglar og søknadsprosedyrar. Vi er ikkje der i dag. Men vi skal dit.

Kontroll og tilrettelegging

Ei av dei største utfordringane for ei verksemd som UDI er at vi både skal leggje til rette for ynskja og lovleg innvandring og samstundes hindre ulovleg innvandring. Ein kurant søknad om arbeidsløyve skal gli raskt og enkelt gjennom, medan ein person som blir mistenkt for å prøve å kome seg inn i landet gjennom proforma ekteskap, skal bli kontrollert nøye og eventuelt stoppa. Det er likevel ikkje alltid så enkelt som det kan høyrast ut.

Mange prøver å kome til Noreg ulovleg. Proforma-ekteskap er berre eitt eksempel. Ein del forfalskar identiteten, nokon opererer med ikkje-eksisterande arbeidsgjeverar eller studiestader, det blir søkt om visum for å delta på arrangement som ikkje hender osv. I tillegg har vi alle asylsakene som krev grundige vurderingar. Alt dette gjer at gode kontrollordningar alltid må vere til stades.

Kontroll av kva?

Det betyr ikkje at alle saker bør bli kontrollert eller kontrollert like mykje. Vi har i dag system for å skilje mellom kurante og meir kompliserte saker. Men systema for differensiering av saker kan bli utvikla mykje meir. Eg trur framleis at vi bruker for mykje ressursar på å undersøkje mange saker og sakstyper som det av erfaring er relativt få problem med. Samstundes kunne vi sett inn endå fleire ressursar på å ta dei som verkelig prøver å lure systemet. Utfordringa er å identifisere dei sakene som bør bli kontrollert meir, og dei vi ikkje treng å bruke mykje ressursar på.

Etterkontroll

Vi bør også vurdere om ein større del av kontrollen bør skje i ettertid i staden for at alle undersøkjingar blir gjort i samband med sakshandsaminga før eit løyve blir gitt.

Ein kunne for eksempel tenkje seg at dei fleste arbeidsløyva blir gitt basert på tillit til søkjaren og arbeidsgjevaren, med andre ord med mindre førehandskontroll. Så kunne ein sette i verk desto strengare sanksjonar, spesielt mot arbeidsgjevar, dersom det vert avslørt at tilliten er broten. Tilsynelatande kan ei slik line innebere mindre kontroll med innvandringa, men i røynda kan det gjere at den reelle kontrollen blir betre - samstundes som forvaltinga gjev betre service til alle dei som opptrer lovleg.


Vedlegg

 



Sist oppdatert: 28.06.2007
Publisert: 28.06.2007