Examen philosophicum- skuleeksamen
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
| Studiepoeng | 10 |
| Undervisningssemester | Haust |
| Fagleg overlapp | Alle emna med ein emnekode som begynner med EXPHIL- er fakultetsvariantar av det same emnet. Det er derfor full fagleg overlapp mellom desse emnekodane, slik at ein berre kan få utteljing i studiepoeng for eitt av dei, og antall vurderingsforsøk blir telte på tvers av fakultetsvariantane, jf. |
| Timeplan | Se timeplan |
| Litteraturliste | Se litteraturliste |
Mål og innhald
Examen philosophicum skal gi studentane ei innføring i universitetet sine tenkjemåtar. Vidare skal ex.phil. gi filosofiske perspektiv på akademisk kultur og danning, og på sentrale spørsmål i psykologien. Studentane skal gjøre seg kjent med verkty ein kan bruke til å analysere tekstar og bidra til klårleik i språkbruk og argumentasjon, både innanfor psykologifaget og i det breiare akademiske og offentlege ordskifte.
Undervisningssemester
Haust
Eksamenssemester
Haust og vår
Undervisningsspråk
Norsk
Institutt
Institutt for filosofi og førstesemesterstudium
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med studierett ved Universitetet i Bergen. Kandidatar utan studierett kan søkje om å gå opp til særskilt eksamen i emnet. Sjå informasjon om korleis du søkjer om dette på: http://www.uib.no/hf/utdanning/opptak/saerskilt-eksamen-ved-det-humanistiske-fakultet
Krav til forkunnskapar
Ingen
Fagleg overlapp
Alle emna med ein emnekode som begynner med EXPHIL- er fakultetsvariantar av det same emnet. Det er derfor full fagleg overlapp mellom desse emnekodane, slik at ein berre kan få utteljing i studiepoeng for eitt av dei, og antall vurderingsforsøk blir telte på tvers av fakultetsvariantane, jf. Forskrift om opptak, studier, vurdering og grader ved Universitetet i Bergen, § 6.8.
Undervisning og omfang
Undervisninga har form av førelesingar.
Obligatoriske arbeidskrav
Studenten skal skrive ei øvingsoppgåve.
Øvingsoppgåva er gyldig i det semesteret ho er levert inn og i det påfølgjande semesteret. Det er mogeleg å levere øvingsoppgåve både i haust- og vårsemesteret.
Vurderingsformer
Ein skriftleg skuleeksamen (4 timar), der kandidaten skal svare på to oppgåver. Desse vert vekta likt. Det obligatoriske arbeidskravet må vere godkjent for at kandidaten skal kunne gå opp til eksamen.
Ingen hjelpemiddel er tillatne på eksamen. (Men studentar utan norsk som morsmål kan vende seg til instituttet for informasjon om bruk av ordbøker.)
Karakterskala
I vurderinga på emnet nyttar ein karakterskalaen A-F.
Læremiddelomtale
Examen philosophicum har spesialtilpassa pensum for kvar fakultetsvariant.
Undervisningsstad
Bergen
Emneevaluering
Evaluering av ex.phil. vert gjort med jamne mellomrom.
Kontaktinformasjon
Institutt for filosofi og førstesemesterstudium
E-post: exphil@uib.no