Korleis bli kvalifisert for enkeltemne
Du må dekkje opptakskrava og eventuelle krav til forkunnskapar.
Generell studiekompetanse
Generell studiekompetanse er den vanlegaste måten å bli kvalifisert på. Les meir om dei ulike måtane å få generell studiekompetanse på.
Unntak fra kravet om generell studiekompetanse
Har du ikkje generell studiekompetanse, kan du etter bestemte reglar bli kvalifisert på grunnlag av realkompetanse eller dispensasjon frå kravet om generell studiekompetanse.
Søkjer du på grunnlag av realkompetanse eller dispensasjon, må du bli vurdert for alle emna du ønskjer å ta. Du må oppgi emna du vil bli vurdert for på eit eige skjema.
Spesielle opptakskrav - informatikk og realfag
Ønskjer du å ta emne i informatikk og realfag, må du i tillegg dokumentere at du dekkjer dei spesielle opptakskrava.
Forkunnskapskrav til nokre emne
Emne kan ha forkunnskapskrav i tillegg til krav om generell studiekompetanse og spesielle opptakskrav. Informasjon om forkunnskapskrav finn du på nettsida til emnet du er interessert i. Sjå emne ved UiO.
Har du anna utdanning som du tenkjer kan erstatte forkunnskapskrava?
Kontakt fakultetet som tilbyr emnet om korleis du skal gå fram og kva du må dokumentere.