print logo
English version of this page

Semesterkort og studiekort

Du må ha gyldig semesterkort for å få studiekort. Dessutan kan du få studentrabatt fleire stader.

Semesterkortet

blir sendt i posten frå midten av juni/desember og så snart du har

  • registrert deg i StudentWeb
  • betalt semesteravgifta

Kortet sendes til den adressen du har registrert deg med i Studentweb

Semesterkortet er gyldig

  • til 31. januar (for hausten) og til 31. august (for våren)

Har du ikkje fått semesterkortet?

  • Semesterkortet kan vere på vei. Dersom det er sendt frå UiO står det "Semesterkort bestilt til semesteradressa di: (dato)" på startsida i StudentWeb.
  • Din registrerte adresse kan vere feil. Sjekk at adressa di er riktig i StudentWeb.
  • Hugs namnet ditt på postkassa, og meld adresseendring til posten.

Mista semesterkortet?

  • Bestill nytt semesterkort hausten 2015. Vi sender eit nytt semesterkort til semesteradressa di nokre dagar etter at du har bestilt det. I ferieperioder kan utsendelse av semesterkort ta lenger tid enn vanlig.

Semesterkortet stadfestar at du er student og...

  • har betalt semesteravgifta det aktuelle semesteret
  • er registrert som student det aktuelle semesteret
  • har studierett til det studiet som står i feltet "Oppteken til desse studia" på semesterkortet

Studiekort

Studiekortet er eit kort med namn og bilete. Saman med semesterkortet for aktuelt semester er det gyldig som studentbevis. Du kan blant anna bruke studiekortet som tilgangskort og lånekort ved biblioteka på UiO.

Du får studiekortet ved personleg frammøte i SiOsenteret på Blindern. Ta med semesterkortet og gyldig legitimasjon. SiOsenteret tar bilde av deg, så du skal ikkje ha med passfoto.

Du kan få studiekort dersom du har

  • norsk fødselsnummer
  • semesterkort for UiO

Nøkkelkort

Er du student utan norsk fødselsnummer eller har du betalt semesteravgifta til ein annen studentsamskipnad enn SiO ved UiO? Da kan du få nøkkelkort som du kan kan nytte som tilgangskort og lånekort på biblioteka. Du må først registrere deg i Studentweb. Ta med gyldig legitimasjon til SiOsenteret.

Studentnummer

Alle studentar ved UiO har eit UiO-studentnummer.

  • Studentnummeret ditt står på semesterkortet. Du finn det også i StudentWeb.
  • UiO-studentnummeret kan brukast på UiO, til dømes om du kontaktar eit studieinformasjonssenter med spørsmål om studiesituasjonen din.
  • Du beheld studentnummeret sjølv om du byter studieprogram ved UiO.

Kontakt

Knutepunktet - sentralt studentinformasjonssenter

 

Publisert 15. apr. 2010 13:27 - Sist endra 19. jun. 2015 10:54