print logo
English version of this page

Bestille karakterutskrift

Du bestiller karakterutskrift i Studentweb. Den inneheld alle emna du har bestått ved UiO.

Logg på Studentweb

  • Karakterutskrifta blir sendt til semesteradressa di. Du kan oppdatere adressa i Studentweb når du bestiller.
  • Du kan få karakterutskrift på norsk og/eller engelsk, men berre éi utskrift på kvart språk.
  • Dersom du er meldt til eksamen, kan du krysse av for å få tilsendt karakterutskrift når resultatet av eksamen ligg føre.
  • Karakterutskrifta blir normalt sendt tre til fire virkedagar etter bestilling. Du kan ikkje bestille ny karakterutskrift før det har gått sju dagar sidan siste bestilling. Du får melding i Studentweb når karakterutskrifta er sendt.

Tidlegare studentar ved UiO

  • Du kan bestille karakterutskrift via Studentweb sjølv om du ikkje lenger er student ved UiO. Dersom du ikkje hugsar PIN-koden din, kan du bestille ein ny på innloggingssida til Studentweb. Har du spørsmål eller treng hjelp med tilgang til Studentweb, kontakt Knutepunktet.

Hente utskrift sjølv? Utskrift til tredjepart?

Det humanistiske fakultet

  • Treng du at karakterutskrifta blir sendt i forsegla konvolutt i samband med opptak til ein utdanningsinstitusjon i utlandet?
    Fyll ut og send inn nettskjemaet Bokmål / Nynorsk
  • Du kan ikkje hente utskrifta personleg på HF

Stadfesting på fullført årseining

Du kan bestille stadfesting på fullført årseining ved HF. Karakterutskrift på norsk følger automatisk med ei slik stadfesting.

Stadfesting på årseining blir berre gitt ein gong.

Fyll ut og send inn nettskjema  Bokmål / Nynorsk

Det juridiske fakultet

Kontakt Infosenteret dersom du treng karakterutskrift.

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet

Kontakt MN-studieinfo dersom du treng:

  • karakterutskrift samme dag
  • meir enn ei karakterutskrift
  • karakterutskrift sendt i forsegla konvolutt i samband med opptak til ein utdanningsinstitusjon i utlandet

Det medisinske fakultet

Send e-post til med-studieinfo@medisin.uio.no eller kontakt MED-studieinfo på Domus Medica.

Det odontologiske fakultet

Kontakt studieseksjonen

Det samfunnsvitskaplege fakultet

Bestill via fakultetet sitt nettskjema dersom du:

  • ønsker å hente utskrifta på SV-info
  • treng at karakterutskrifta blir sendt i forsegla konvolutt i samband med opptak til ein utdanningsinstitusjon i utlandet.

Det teologiske fakultet

Kontakt TF-studieinfo

Det utdanningsvitskaplege fakultet

  • Treng du at karakterutskrifta blir sendt i forsegla konvolutt i samband med opptak til ein utdanningsinstitusjon i utlandet?
    Fyll ut og send inn skjemaet 
  • Du kan hente utskrifta personleg på infosenteret mot å vise legitimasjon.

 

Publisert 31. mar. 2015 12:26 - Sist endra 6. aug. 2015 10:42