Karakterskala
Karaktersystemet består av ein ugradert karakterskala med bestått eller ikkje bestått og ein gradert karakterskala med bokstavkarakterar frå A til F.
Bestått/ikkje bestått
Karakterskalaen med bestått og ikkje bestått er eit sjølvstendig vurderingsuttrykk utan samanheng med den graderte karakterskalaen.
Bokstavkarakterar
Bokstavkarakterskalaen er ein gradert skala, der A er beste karakter, E er lågaste beståtte karakter og F er stryk. Karaktersetjinga tek utgangspunkt i kvalitative skildringar for det enkelte karaktertrinnet i karakterskalaen.
Nedanfor ser du dei generelle, kvalitative skildringane av vurderingskriteria som blir lagde til grunn for sensurering med bokstavkarakterskalaen.
Fleire fagmiljø har fastsett meir detaljerte skildringar av karakterane.
![]() |
Framifrå prestasjon som skil seg klart ut. Kandidaten syner særs god vurderingsevne og stor grad av sjølvstende. |
![]() |
Mykje god prestasjon. Kandidaten syner mykje god vurderingsevne og sjølvstende. |
![]() |
Jamt god prestasjon som er tilfredsstillande på dei fleste områda. Kandidaten syner god vurderingsevne og sjølvstende på dei viktigaste områda. |
![]() |
Akseptabel prestasjon med nokre vesentlege manglar. Kandidaten syner ein viss grad av vurderingsevne og sjølvstende. |
![]() |
Prestasjonen tilfredsstiller minimumskrava, men heller ikkje meir. Kandidaten syner lita vurderingsevne og lite sjølvstende. |
![]() |
Prestasjon som ikkje tilfredsstiller dei faglege minimumskrava. Kandidaten syner både manglande vurderingsevne og sjølvstende. |
Tidlegare karaktersystem
UiO endra karaktersystem i 2003. Les meir om karaktersystemet før 2003.





