print logo

Vitnemål

Du får vitnemål når du er ferdig med utdanninga di. Vitnemålet er den offisielle stadfestinga på fullført utdanning.

Vitnemål for fullført studieprogram

Når du nærmar deg slutten av studietida på programmet ditt, undersøkjer fakultetet om du fyller krava til ein grad. Dersom du fyller krava, vil du normalt få vitnemålet ditt automatisk.

Hausten 2015 endrar UiO gradstitlane for deg som fullfører eit bachelorprogram.

Vitnemål for fritt samansett bachelorgrad

Dersom du fyller krava til ein fritt samansett bachelorgrad, må du sjølv bestille vitnemål. Du bestiller vitnemålet frå fakultetet der du har teke den faglege fordjupinga i bachelorgraden.

Diploma Supplement

Saman med vitnemålet får du automatisk eit vitnemålstillegg på engelsk, Diploma Supplement. Vitnemålstillegget forklarar utdanninga di og det norske utdanningssystemet for utanlandske lesarar.

Karakterutskrift

Vitnemålet blir sendt ut berre éin gong og viser dei emna som inngår i graden din. Emne du tek etter at du har oppnådd graden, blir dokumentert med karakterutskrift. Du kan bestille karakterutskrift både før og etter at du har fått vitnemål.

Korleis få vitnemål?

Stadfeste vitnemål

Dersom arbeidsgjevarar eller andre er i tvil om eit vitnemål frå UiO er ekte, kan dei be om ei stadfesting.

Spørsmål?

Kontakt studieinformasjonssenteret på fakultetet.

 

Publisert 24. apr. 2015 11:37 - Sist endra 5. jun. 2015 13:39