Oppdatere namn, adresse, mobilnummer eller fødselsnummer
Har du endra namn?
- Meld frå om det nye namnet til Knutepunktet på UiO.
- Du må dokumentere det nye namnet. Gyldig dokumentasjon er pass, bankkort, førarkort eller stadfesting på namneendring frå folkeregisteret/skatteetaten.
Har du endra adresse eller mobilnummer?
- Adressa og mobilnummeret oppdaterer du sjølv i Studentweb. Gå til menyen, vel Registreringar og klikk på ’Adresse’. Skriv inn den nye adressa og/eller mobilnummer.
- Meld også adresseendring til Posten og set namnet ditt på postkassa. Då kjem posten lettare fram.
Har du endra fødselsnummer?
- Meld frå om det nye fødselsnummeret på nettskjemaet
Melding til UiO om endra fødselsnummer. - Kan du ikkje bruke nettskjemaet? Vend deg til Knutepunktet.
Fann du det du leita etter?
Publisert 14. apr. 2010 08:51
- Sist endra 21. jan. 2015 16:39