Brønnøysundregistrene logo Registeretat og datakilde
Forsiden Søk Kontakt English
Registrering og tinglysing Produkter og tjenester Om Brønnøysundregistrene
Registrering
 
Tinglysing
Innsending av årsregnskap
Reservasjon mot adressert reklame
Blanketter
Gebyrer
Saksbehandlingstider
Reservasjon mot adressert reklame
Bokmål

Reservasjonsregisteret skal gjere det enklare for deg å reservere deg mot at namnet ditt blir brukt til adressert reklame i posten eller telefonsal. Reservasjonen er personleg og gjeld berre deg som person, ikkje andre i husstanden. Næringsverksemder kan ikkje reservere seg.

Din reservasjon blir registrert i eit sentralt register i Brønnøysund. Verksemder som driv direkte marknadsføring, pliktar å oppdatere adresselistene sine mot Reservasjonsregisteret minst kvar tredje månad.

Viktig: Ein reservasjon i Reservasjonsregisteret vil ikkje stanse all marknadsføring mot deg. Les om årsakene til dette i Datatilsynet sin rettleiar. Rettleiaren fortel deg korleis du kan klage på uønskt marknadsføring. Der finn du også lekkje til ein brevmal som du kan bruke ved klage.
Dersom du har motteke reklame du meiner er i strid med reservasjonen din, og du har klaga skriftleg direkte til verksemda utan at det hjelper, kan du vende deg til Datatilsynet for å få hjelp.

Du kan ikkje reservere deg mot meiningsmålingar.

Du kan leggje inn eller endre ein reservasjon ved å taste inn fødselsnummeret ditt nedanfor. Då får du opp ein status over eventuelle reservasjonar som er registrert på fødselsnummeret ditt. Dersom du ønskjer det, kan du gjere endringar i reservasjonen.

Fødselsnummer (11 siffer):

Fødselsnummeret vert berre nytta til identifikasjon.


Skal du bruke Reservasjonsregisteret i samband med direkte marknadsføring? Klikk her for informasjon.