Mange selskap og organisasjonar vender seg direkte til folk for
å marknadsføre tenester og produkt, mellom anna ved hjelp
av adresselister. Mykje av reklamen du får, er sendt ut på
grunnlag av slike lister. Du kan komme med på slike lister utan
at du sjølv ynskjer det. Dersom du bed om det, kan du bli
sletta frå slike lister. Tidlegare måtte du i så
fall kontakte kvart enkelt selskap for å få namnet og
adressa di fjerna frå lista.
Reservasjonsregisteret gjer det mykje lettare for deg å
reservere deg. I staden for å ta kontakt med kvart enkelt
selskap, er det no nok at du tar kontakt med oss. I
Reservasjonsregisteret kan du reservere deg mot at namnet og adressa
di blir nytta til direkte reklame sendt i
posten, gjennom telefon og mobiltelefon. Reservasjonen blir registrert i eit sentralt
register. Alle som sender ut reklame retta mot deg som kunde, pliktar
å oppdatere sine lister mot Reservasjonsregisteret seinast tre
månader før bruk.
Når du har registrert din reservasjon mot direkte adressert
reklame i Reservasjonsregisteret, skal du ikkje få reklame som
er adressert særskilt til deg etter at fristen på tre
månader er ute.
Likevel vil du framleis kunne få reklame for produkt og tenester
frå dei du er fast kunde hos. Reservasjonen gjeld dessutan berre
adressert reklame. Vil du reservere deg mot uadressert reklame,
må du kontakte Posten.
Berre privatpersonar kan reservere seg. Næringsdrivande
verksemder og andre juridiske personar kan ikkje reservere seg gjennom
Reservasjonsregisteret.
Selskap og organisasjonar som nyttar adresselister til direkte
reklame, har sjølv ansvar for å få oppdatert
adresselistene mot Reservasjonsregisteret. Dersom du får send
reklame som du meiner er i strid med reservasjonen din, bør du
kontakte dei som har sendt deg reklamen og krevje namnet ditt sletta
frå adresse- og telefonlistene.
Datatilsynet har laga ein brevmal som du kan bruke.
Fører ikkje det fram, kan du vende deg til
Datatilsynet.
Sjå eventuelt forskrifta
til Reservasjonsregisteret.
|