Skriv ut Sideoversikt |  


Søk etter studium
Studietilbod 07-08
Biblioteket
Internasjonalisering
Studentsamskipnaden


For studentar / Fronter, epost & studentweb / IT-tenester / E-post / Trådlaust nett /

Høgskulen i Volda har god tilgong til trådlaust datanett for studentar og tilsette. Berbar pc kan nyttast i alle auditorium og undervisningsrom. I tillegg er det god dekning i fellesareal som kantine og bibliotek.

Våren 2007 vart det trådlause datanettet oppgradert. Ein del nytt utstyr vart innkjøpt og det vart sett større krav til datatryggleik. Dette medfører at tidlegare studentar og tilsette må endre oppsettet på sine berbare pc'ar.

Bruk Eduroam !
Både studentar og tilsette bør kople seg til nettet med namnet(SSID) Eduroam. Dette er primært trådlausnett ved HVO, og når du først har fått konfigurert nettverkstilkoplinga, er det svært enkelt å få tilgang til Internett.

Eduroam(Educational Roaming) er eit samarbeid mellom utdanningsinstitusjonar i Europa, Asia og Australia. Meir om Eduroam finn du her.

Kva med dei gamle netta "HVO" og "hvo-tilsett" ?
Det vil framleis vere mogeleg å kople seg til desse, men grunna endra krypteringsmåte, må brukarane endre oppsettet på pc'ane(sjå brukarrettleiingane). Uansett rår vi alle til å ta i bruk Eduroam.

Eduroam-oppsett:
SSID: eduroam
Nettverksgodkjenning: WPA
Kryptering: TKIP
EAP-type: PEAP
Brukarnamn/passord: Samme som pålogging i fronter/lokale maskiner

Detaljerte brukarrettleiingar
Eduroam(studentar og tilsette) - Windows XP(pdf)(doc)
Eduroam(studentar og tilsette) - Windows Vista(pdf)(doc)
HVO(studentar) - Windows XP(pdf)(doc)
hvo-tilsett(tilsette. Krev pålogging) - Windows XP(pdf)(doc)


Meir info om nettet finn du her



Skriv ut  Skriv ut

 Nytt frå IT-avdelinga
Oppdatert av Johann Folkestad 19.09.2007
Publisert med NetEd : Web publiseringsløsning