|
Naturfag seglar opp som eit av dei mest prioriterte faga i Reform 2006. Høgskulen i Volda vil vere del av denne satsinga og fagmiljøet vårt har det siste året vore i sterk utvikling og har teke utfordringa med å utvikle nye og oppdaterte studium og etterutdanningstilbod. Høgskulen har fått midlar frå Utdanningsdirektoratet og kursa vert difor utan kursavgift.
FORSKARSPIREN - MED FOKUS PÅ TVERRFAGLEG UTFORSKING I SKULEN
Kursinnhald Innføring i hovudområdet Forskarspiren kopla opp mot naturfag og andre fag i den nye læreplanen LK06. Fokus på to eksempel på slikt arbeid:
- kjøkkenet som læringsarena i naturfagsundervisninga
- tverrfagleg arbeid med naturfag( t.d. økologi sett i samanheng med KRL og samfunnsfag)
Organisering To dagssamlingar med tre- fire veker imellom der deltakarane gjer eit mellomarbeid med fokus på gjennomføring og utprøving på eigen skule
Søkjarar må...
- Ha godkjend lærerutdanning
- Ha tilgang til e-postadresse og kunne sende og motta e-post / rettleiing i Classfronter
- Møte på begge samlingane
- Praktisk informasjon
Tal på deltakarar: maks 25 per kurs
Tid: Nytt kurs underplanlegging
Stad: Høgskulen i Volda
Pris: Kurset er gratis, deltakarar dekkjer sjølv reise- og opphaldsutgifter..
Kontaktinformasjon
Spørsmål av administrativ art kan rettast til Oddbjørn Nes
Spørsmål av faglig art kan rettes tilfagleg ansvarleg og kursleiar Erik Fooladi
|