Skriv ut Sideoversikt |  


Søk etter studium
Studietilbod 07-08
Biblioteket
Internasjonalisering
Studentsamskipnaden



 Kontakt KEV

KEV
Høgskulen i Volda
Joplassvegen,
Postboks 500,
6101 Volda

Telefon: 70 05 48 10
Mobil: 41 44 10 62
Telefaks: 70 07 50 51

kev@hivolda.no

Meir info >>

Livslang læring / Konferansar / Krisekommunikasjon i praksis /

Krisekommunikasjon i praksis

4. oktober
kl 12.15 til 16.00
Høgskulen i Volda
 Berte Kanutte-huset, Store auditorium

”Krisekommunikasjon i praksis” er eit miniseminar for alle som vil få betre innsikt i korleis ein kan planlegge for og evaluere etter ein krisesituasjon. I tillegg vil fagpersonar ta for seg kva innverknad ei krise kan ha på omdømme og korleis ein kan øve for å vere førebudd for ei krise. Seminaret er i første rekke meint for personar som arbeider med informasjon og kommunikasjon, men alle som har eit leiaransvar vil ha nytte av seminaret.

PROGRAM
12.00
Registrering og kaffi med noko attåt

12.15
Presentasjon av case: Bourbon Dolphin-ulukka.
Ved Synnøve Hole.
Frå eit mediestandpunkt vil Hole presentere kva som skjedde dei første minutta/timane hjå NRK-redaksjonen, korleis dei vart møtt av leiinga i Bourbon Offshore og deira måte å takle krisa på.

12.30
Professor Carl Botan fra George Mason University i USA har PR og strategi som spesialområde. Botan vil snakke om planlegging for krise og evaluering etter ei krise. Han vil særleg ta for seg kva konsekvensar ei krise kan ha for omdømme til ei verksemd og korleis omdømme kan gjenoppbyggast i etterkant. Botan vil ta for seg praktiske eksempel fra si forsking på temaet.

14.00 pause

14.15 – 14.30
Carl Botan og evt diskusjon/debatt.

14.30
Magne Aarset er førsteamanuensis og Associate Dean for Forsikring ved
Handelshøyskolen BI. Han arbeidar i dag også som konsulent innan risiko- og krisehandtering og er styreleier i Ålesund Kunnskapspark.
Aarset vil introdusere ein systematisk framgangsmåte (Risk Management prosess) for å strukturere arbeid og rutiner i samband med risikovurdering i verksemder.

Kjetil Rød er stipendiat i risikokommunikasjon ved Avdeling for mediefag. Rød har lang erfaring i å arrangere kriseøvingar. Han vil forklare betydninga av gode kriseplaner og korleis ein kan øve for å vere best mulig førebudd. I tillegg vil han presentere doktorgradsprosjektet sitt, ”Risikokommunikasjon: Det å leve med skredfare”, som tek utgangspunkt i Åknes/Tafjord prosjektet.


Meld deg på her!



Skriv ut  Skriv ut


Søk etter tilsette
Søk etter studentar
Utvida søk

 Kev-tavla
Kompetanseheving:
Naturfag med
mål og meining

31.10.2007

Oppdatert av Kristian Fuglseth 02.10.2007
Publisert med NetEd : Web publiseringsløsning