Studierettleiaren

Kva kan eg hjelpe deg med?

Kontakt studierettleiaren på tlf: 70 07 52 90

Det kan vere mange ulike spørsmål ein sit med, og eg kan sjølvsagt ikkje svare på alt. Men mi oppgåve er å høyre på deg og la deg fortelje kva som er ditt problem, kva du treng svar på. Noko kan eg svare på direkte, andre gonger er eg vegvisar til andre som sit med kunnskap på sine felt, eller til nettsider og annan informasjon.

Nokre har konkrete spørsmål om regelverk eller korleis du får ein bachelorgrad, innpassing av utdanning, eller korleis ein blir lærar. Men kanskje har du ikkje klare spørsmål, du er usikker på det meste: kva du vil bli, kvar du vil bu og kven du skal høyre på?

Ofte opplever ein at noko har blitt annleis enn ein planla, og ein må skifte retning. Dette kan vere fordi ei utdanning ikkje var slik ein trudde, eller det kan skje ting som gjer at ein må legge om planane sine. Kanskje har du stroke i fag eller står litt fast. Ta kontakt for ein prat, så skal eg i alle fall love å høyre på deg, og kanskje kan eg hjelpe.

Du finn meg i sørvistorget, i 1. etasje i Berte Kanutte-huset. Eg har det første kontoret, og er til vanleg å finne desse tidene:

 9.00-14.00 måndag til onsdag og fredag

Tlf: 70 07 52 90 eller mail til Ingunn Nordal

Nyttige linker
Vår eigen studieinformasjon
Sosialrådgjeving for studentar
Regelverk
Kart over høgare utdanningsinstitusjonar
Yrker og utdanning (NAV)
Den offisielle norske utdanningsportalen Utdanning.no
Samordna opptak, med info om studiekompetanse m.m
Kaleidoskopet- magasin om karrierevalg og yrker



« Tilbake

Del

Høgskulen i Volda Høgskulen i Volda, Postboks 500, 6101 Volda | Telefon: 70 07 50 00 | Telefaks: 70 07 50 51 | Kontakt oss
Oppdatert av Eirik Torheim Gilje 2008-12-16 18:04:27 | Publisert med NetEd : Publish

 

 

Kontakt oss

Høgskulen i Volda
Postboks 500
6101 Volda

Tlf.:70 07 50 00
Faks:70 07 50 51

 postmottak@hivolda.no