Brønnøysundregistrene logo Registeretat og datakilde Hopp til hovedinnholdet på siden
Forsiden Indeks a-å Kontakt oss English
 
Registrering og tinglysing Produkter og tjenester Om Brønnøysundregistrene

Fleire seier nei til telefonsal

Bokmål

Underdirektør Anne-Hedvig Johansen Ferkingstad opplever stor pågang av folk som vil reservere seg mot telefonsal og adressert reklame.

(27.02.2003) Reservasjonsregisteret blei sett i drift frå nyttår 2001. Sidan då har over 380 000 personar bedt om å sleppe å få adressert reklame i posten og bli kontakta av telefonseljarar. Etter eit par medieoppslag nyleg, voks registeret med 3 200 personar berre over natta.

– Somme ringjer Brønnøysundregistra for å få hjelp til å reservere seg, mens dei fleste reserverer seg via nettsidene våre. Det er særleg pågangen frå telefonseljarar som får folk til å registrere seg i Reservasjonsregisteret, men reservasjonen gjeld også adressert reklame i posten, seier underdirektør Anne-Hedvig Johansen Ferkingstad ved Brønnøysundregistra si opplysningsavdeling.

Berre personar

Når du har registrert deg i Reservasjonsregisteret, kan det ta inntil tre månader før reservasjonen "verkar" – det vil seie at namnet ditt er stroke frå listene til dei som driv telefonsal eller sender ut reklame. Ver også klar over at ordninga med reservasjon gjeld berre privatpersonar.

Prøver seg

– Vi ser at ein del useriøse aktørar prøver å finne smotthol for å nå fram til folk som har reservert seg. Dei kan blant anna påstå at du er fast kunde, sjølv om du ikkje har handla hos dei på lenge. Reservasjonen din gjeld heilt til du sjølv gir melding om noko anna. Derfor skal du ikkje godta påstandar om at reservasjonen ikkje gjeld lenger, understrekar Ferkingstad.

Hjelp frå Datatilsynet

Den som driv marknadsføring pliktar sjølv å oppdatere adresselistene sine mot Reservasjonsregisteret. Dersom du får reklame eller blir kontakta på ein måte som du meiner er i strid med reservasjonen din, bør du kontakte avsendaren og krevje at namnet ditt blir sletta frå adresse- og telefonlistene. Fører ikkje dette fram, kan du vende deg til Datatilsynet.

Meir om Reservasjonsregisteret
Her kan du reservere deg mot adressert reklame og telefonsal

Nyhetsarkiv

•

Nytt produkt via EBR

•

Ny næringsstandard

•

Frister for registrering av meldinger før årsskiftet

•

Kurs i bruk av Altinn og Brønnøysundregistrene

•

Datatyveri hos teleoperatør

•

Frivillighetsregister lagt til Brønnøysundregistrene


•

Enklere betaling med VISA eller MasterCard

•

På tokt med elektronisk registrering

•

Utsatt frist for årsregnskap levert gjennom Altinn

•

Orientering om endringer i aksjelovgivningen og foretaksregisterloven

•

Kurs i informasjonssøk

•

Jegeravgiftskort for 2007/2008 er på vei

•

Felles produkt fra to registre

•

Rapporter fangsten elektronisk

•

Kurs – Foretaksregistrering fusjon/fisjon

•

Seminar om elektronisk innrapportering

•

Kurs – Foretaksregistrering fusjon/fisjon

•

Nye skjemaversjoner fra Regnskapsregisteret

•

Internasjonal utveksling av foretaksinformasjon

•

NAV etat nummer 20 i Altinn-samarbeidet

•

Ny elektronisk løsning gir enklere jobbhverdag

•

Populære kurs kommer igjen

•

Økende popularitet for EBR

•

Lanserer samordnet registermelding i Altinn

•

70 prosent auke i nyregistrerte aksjeselskap

 

 

Flere saker

Brønnøysundregistrene, 8910 Brønnøysund · Telefon: 75 00 75 00 · firmapost@brreg.no · Organisasjonsnummer: 974 760 673