|
Gjennom tenesta for elektronisk registrering kan du slette
einingar i Einings- og Føretaksregisteret.
Selskap og foreiningar er eigne juridiske personar og må
gjennom strenge formelle prosedyrar for avvikling. For enkeltpersonføretak,
foreining/lag/innretning, konkursbu og partrederi gjeld enklare
prosedyrar for sletting enn for aksjeselskap og ansvarlege
selskap.
Eit selskap
blir sletta i to trinn, først må ein melde at
selskapet er vedteke oppløyst, neste gong må
ein melde selskapet til sletting. Mellom dei to meldingane
skal kreditorar ha høve til å melde seg, og det
skal lagast ein avviklingsrekneskap.
Begge meldingane skal ha vedlagd bekrefta kopi av protokoll
frå møte i selskapet si høgste myndigheit
(Det vil seie frå generalforsamlinga for aksjeselskap
og frå selskapsmøte for ansvarleg selskap). I
første trinn dreier det seg om det møtet som
vedtok oppløysing. I andre omgang skal ein dokumentere
at generalforsamlinga/selskapsmøtet har godkjent avviklingsrekneskapet.
Kopiane kan du leggje ved utskrifta med underskrifter når
ho blir send inn.
Førebels kan tenesta nyttast berre for dei vanlegaste
organisasjonsformane, det vil seie:
- Aksjeselskap
- Allmennaksjeselskap
- Ansvarleg selskap med ubegrensa ansvar
- Ansvarleg selskap med delt ansvar
- Enkeltpersonføretak
- Foreiningar/lag/innretningar
- Konkursbu
- Partrederi
Digital signatur
Løysinga er basert på signering av meldingar i Altinn. Det betyr at dei som skal skrive under på meldinga, må signere digitalt før meldinga kan sendast til Brønnøysundregistra. Krav om digital signatur gjeld også erklæringar som ligg ved meldinga.
Det blir kravt at dei som skal signere, gjer det personleg. Personleg signering av Samordna registermelding i Altinn kan ikkje delegerast. For eksempel kan ikkje ein rekneskapsførar signere på vegner av innehavar i eit enkeltpersonføretak sjølv om rekneskapsføraren har fått delegert roller i Altinn.
Kven som skal signere registermeldinga, går fram av meldinga og kan variere frå organisasjonsform til organisasjonsform. Kvar signerar får automatisk oppretta ei signeringsoppgåve på hovudsida si i Altinn. Meldinga blir ikkje send til behandling før alle har signert. Meir om signering.
Berre elektronisk
Denne løysinga kan berre brukast med digital signatur. Det betyr at alle vedlegg som skal følgje meldinga, må kunne lastast opp elektronisk og alle som skal signere meldinga må kunne gjere det i Altinn. Du kan ikkje ta utskrift av meldinga og sende ho inn på papir. Skal du sende melding på papir, må du bruke blanketten som er laga til det.
Fordelar ved
elektronisk registrering
Om tenesta
Begrensningar
Rettleiing - slik bruker du elektronisk Samordna registermelding
Ofte stilte spørsmål
Begynn registrering
For sletting av einingar med andre organisasjonsformer må du nytte blankett.
Tilbakemeldingar på den elektroniske blanketten kan
du gje på elreg@brreg.no
|