Studiehandbok 2004/2005

HiT 220 936 IKT for humanistar

Formål
Formålet med studiet er å gje studentane ei grunnleggjande innføring i informasjons- og kommunikasjonsteknologi. Emnet gir teoretiske og praktiske kunnskapar for å kunne nytte aktuelle maskin- og programvaretypar i samanheng med fagleg arbeid innan humanistiske fag, og legg vekt på å gi studentane eit kritisk perspektiv på IKT i kultur og samfunn.

Opptakskrav og målgruppe
Opptakskravet er generell studiekompetanse. Studiet vil bli tilbode i vårsemesteret og vil derfor passe godt for studentar som tar eit påbyggingsstudium i haustsemesteret. Studiet rettar seg også mot alle som ønskjer å gå vidare med studium innan språk, historiefag, kulturfag o.l. og skal gi grunnleggjande kunnskapar innan informasjons- og kommunikasjonsteknologi til bruk innafor dei humanistiske fagområda.

Kompetanse
Studiet vil kunne gå inn i ein bachelorgrad med 30 studiepoeng, etter tid-for-tid prinsippet. Etter søknad kan heile eller delar av studiet gå inn som valemne i andre studium ved avdelinga.

Oppbygging og gjennomføring
Studiet er delt i tre kurs og vil bli tilbode i vårsemesteret. Heile studiet er på 30 studiepoeng. Eitt kurs på 10 studiepoeng er eit innføringskurs i informasjonsteknologi. Dei to andre kursa (10 + 10 studiepoeng) tek for seg eit kritisk perspektiv på utviklinga i bruk av digitale medium i kultur og samfunn, og undervisning i konkret bruk av moderne digital teknikk innafor dei humanistiske fagområda

Studiet blir tilbode i vårsemesteret:

Eksamen
Alle kursa vil ha eksamen i vårsemesteret, og avviklinga følgjer eksamensreglementet som er fastsett av Høgskolen i Telemark, bygd på "Lov om universitet og høgskolar". Sjå punktet "Vurdering" under omtalen av kvart kurs i studieplanen.
Fleire av emna har obligatoriske innleveringar. Studentene har sjølve ansvar for å skaffe seg informasjon i rett tid om innleveringar, prøver og eksamen. Obligatoriske innleveringar som er vilkår for å gå opp til midsemesterprøve/slutteksamen, må leverast innan fristen og bli vurderte til ståkarakter.


Høgskolen i Telemark
Studiehandbok 2004/2005



Tilrettelagt for vev  Ralph.Stalberg@hit.no