Om opphevelsen av lovbestemt klassedelingstall Fra og med 1. august 2003 ble det gjort endringer i opplæringsloven. Bestemmelsen om klasser og klassedelingstall ble blant annet opphevet. Læringssenteret har nå utarbeidet en veiledning for "§ 8-2. Organisering av elevane i grupper".  Før 1. august 2003 gjaldt følgende: Opplæringslova § 8-2: Klassen Alle elevar har rett til å høyre til ein klasse. For bestemte delar av opplæringa kan elevane organiserast på andre måtar. Organiseringa skal til vanleg ikkje skje etter fagleg nivå, kjønn eller etnisk tilhøyrsel. (...)
Opplæringslova § 8-3 Klassedelingstal Når skuleåret tek til, kan ein klasse i grunnskolen ikkje ha meir enn - 12 elevar når det er fire årskull eller meir i klassen - 18 elevar når det er tre årskull i klassen - 24 elevar når det er to årskull i klassen - 28 elevar når det er eitt årskull i klassen i 1.-7. klassetrinn - 30 elevar når det er eitt årskull i klassen i 8.-10. klassetrinn (...)
Etter 1. august 2003 gjelder følgende: "§ 8-2. Organisering av elevane i grupper Elevane kan delast i grupper etter behov. Gruppene må ikkje vere større enn det som er pedagogisk og tryggleiksmessig forsvarleg. Organiseringa skal vareta elevane sitt behov for sosialt tilhør. Til vanleg skal organiseringa ikkje skje etter fagleg nivå, kjønn eller etnisk tilhør.
Kvar elev skal vere knytt til ein lærar (kontaktlærar) som har særleg ansvar for dei praktiske, administrative og sosialpedagogiske gjeremåla som gjeld eleven, mellom anna kontakten med heimen."
|