Karakterar frå grunn- og vidaregåande skular i Noreg Ei kartlegging av skuleresultat i grunnskulen og i den vidaregåande skulen i Noreg i 2004 blir presentert av Statistisk sentralbyrå (SSB) i eit nytt notat. Hovedtrekka i tala frå SSB seier at barn av foreldre med høgre utdanning har i snitt høgre karakterar, enn barn av forelder med lågare utdanning. Jentene kjem betre ut enn gutane .
- Desse tala seier noko om at skulen har ei utfordring i å trekkje foreldra inn i aktiv medverknad i barnas opplæring og i å tilretteleggje undervisninga til alle elevane, seier Loveleen Rihel Brenna, leder i Foreldreutvalget for grunnskolen (FUG).  - Eit tiltak som er positivt er at regjeringa vil styrkje leksehjelpa. Forskning viser likevel klart at barn som gjør meir lekser og har foreldre som bryr seg, får betre resultat, uavhengig av foreldre si utdanning. Det er difor viktig at foreldra deltar på aktivitetar i skulen. Dette styrkjer forholdet til skulen og førebyggjer problem, seier Loveleen Rihel Brenna, leiar i Foreldreutvalget for grunnskulen (FUG).
Notatet er basert på karakterstatistikk for den einskilde eleven, informasjon om kjønn, alder, bustadfylke og familiebakgrunn. Med familiebakgrunn fokuserer SSB spesielt på foreldra si utdanning og innvandringsbakgrunn.
I tillegg til å gi ei oversikt over det generelle karakternivået på ulike nivå og i forskjellige fag, blir det sett nærare på korleis karakterar samvarierar med kjønn og familiebakgrunn til eleven. Geografiske variasjonar i karakternivået blir også vist. Vidare blir det gjort ei analyse av samanhengen mellom eksamens- og standpunktkarakterar, forsøksvis for å sjå nærare på om det er systematiske forskjellar mellom elevar med ulik familiebakgrunn eller mellom skular.
Les meir: Skoleresultat 2004 - En kartlegging av karakterer fra grunn- og videregående skoler i Norge
|