”Tør å sette grenser” - ein viktig diskusjon om ungdom og alkohol
Onsdag 26. oktober gjekk startsskotet for årets alkoholkampanje frå Sosial- og helsedirektoratet. Kampanjen har fokus på foreldra og den sentrale rolla dei har som grensesetjarar og forbilde for ungdom i forhold til alkohol.
- Kampanjen er viktig fordi foreldra og deira innsats er eit svært viktig bidrag for å utsetje alkoholdebut hos ungdoms og avgrense alkoholskadar, seier Loveleen Rihel Brenna, leiar i FUG.  Ungdom i dag drikk om lag dobbelt så mykje som for ti år sidan. Eit av måla med kampanjen er å gjere foreldre meir bevisste om alkoholvanane til ungdom og kor viktige dei er som rollemodellar og grensesetjarar.
Kampanjen er ein del av regjeringa si handlingsplan mot alkohol. Til alkoholkampanjen høyrer først og fremst tv-film på betalt plass, radio og internett, ein kampanjenettstad og ulike informasjonstiltak. Deretter følgjer ei lokal kampanje som tek temaet ’ungdom og alkohol’ ut i lokalmiljøa.
–Vi legg også opp til at kampanjen skal følgjast opp med ein debatt mellom ungdomsforeldre i dei ulike lokalmiljøa, seier Guslund.
Foreldre som grensesetjarar
Gjennom kampanjearbeidet ønskjer Sosial- og helsedirektoratet å
- gjere foreldre meir bevisste på ansvaret dei har som rollemodellar og grensesetjarar
- auke kunnskapen om effektive verkemiddel for å redusere alkoholskadar
- gi meir informasjon om alkoholrelaterte skadar
Fem gode råd om ungdom og alkohol
I Noreg har vi mange reglar og føresegner som mellom anna skal vere med på å redusere alkoholbruken blant ungdom. Aldersgrenser, vinmonopolordninga og avgifter er viktige verkemiddel for å avgrense alkoholskadane i ungdomsgruppa. Kommunar, skular og frivillige organisasjonar driv mange ulike førebyggingsprosjekt. Men, også foreldre har ei viktig rolle:
Sosial- og helsedirektoratet har utarbeidd fem gode råd om alkohol til foreldre som har ein tenåring i huset.
1. Set tydelege grenser
2. Ikkje gi alkohol til ungdom under 18 år
3. Snakk med andre foreldre om felles mål og grenser
4. Tenk igjennom dine eigne grenser når det gjeld alkohol
5. Vis at du bryr deg
Les meir om kampanjen på www.settegrenser.no
Sosial- og helsedirektoratet
Brev fra Sosial- og helsedirektoratet og Foreldreutvalet for grunnskolen
(630 Kb)
|