Foreldre i møte med hjelpetenester Hjelparane kan fremme meistring hos barna ved å støtte opp om foreldra sine ressursar og strategiar. Barna lærer best av personar dei kjenner seg trygge saman med, skriv Anne Sand i si masteroppgåve ”Hvordan opplever foreldre til barn med Nonverbale lærevansker møte med hjelpetjenester?”. Hjelparane rundt barna byggjer opp under foreldra ved å lytte til deira erfaringar frå meistring i dagleglivet.  Nonverbale lærevanskar (NLV) er forholdsvis ukjend både i fagmiljø og befolkninga generelt. Kjenneteikna ved NLV er eit spekter av forstyrringar som kan ha samanheng med seinmodning eller vanskar i høyre hjernehalvdel. Symptoma kan vere (Dette kan kjennast hos barn med) vanskar med psykomotorisk koordinering og manglande utforskande åtferd. Problema kan og påverke aktivitetsnivå, språk, emosjonar, sosial åtferd og tilpasningsevne. Jo eldre barnet er, jo tydelegare er vanskane. Det er ikkje uvanleg at NLV blir avslørt (avslørjast) først ved 8-årsalder. Fleire forskarar reknar med at 2-3 % av befolkninga kan ha NLV. Fordi NLV er ein relativt ukjend problematikk, møter foreldra til barn med NLV ofte manglande kunnskap om vanskane til barna.
Les heile oppgåva:
Universitetet i Oslo:
Hvordan opplever foreldre til barn med Nonverbale lærevansker møte med hjelpetjenester?
- hvordan kan det legges til rette for positive opplevelser for foreldre til barn med Nonverbale lærevansker i møte med hjelpetjenester?
Samandrag av oppgåva
|
 |
 |
 |
|