Foreldrenettet Foreldreutvalget for grunnskolen KFU SU og Styret Foreldrerådet FAU Foreldrekontakt
Utskriftsvennlig utgave Nyhetsbrev Bestilling Kontakt oss Om FUG Nettkart
Du er her: / Foreldrenettet / Foreldrerådet / Informasjon til skular og barnehagar om fugleinfluensa

Foreldrenettet er en tjeneste fra

Foreldreutvalget for grunnskolen Postboks 8119 Dep. 0032 Oslo
post@fug.no

Informasjon til skular og barnehagar om fugleinfluensa
- Fugleinfluensa er ikkje påvist i Noreg. Skular og barnehagar blir likevel oppmoda til å lære om denne dyresjukdomen på førehand for å vere best mulig førebudd om den blir påvist her, seier kunnskapsminister Øystein Djupedal i ei pressemelding frå Kunnskapsdepartementet.

Informasjonen til skular og barnehagar tek opp kva som er viktig å formidle til elevar og barn i barnehagar om sjukdomen.

Det er i tillegg utarbeid gode råd til foreldra om korleis ein kan snakke med barn som blir redde av det dei høyrer om fugleinfluensaen. Barn fangar opp historier om kva som hender i verda frå TV, radio, aviser og jamnaldrande. Mange barn blir redde når dei høyrer om flodbølgjer, fugleinfluensa, krig eller vald.

Her er nokre gode råd til foreldra:

Nynorsk:

Gode råd til foreldre når barn blir redde (Word)

Gode råd til foreldre når barn blir redde (pdf)

Bokmål:

Gode råd til foreldre når barn blir redde (Word)

Gode råd til foreldre når barn blir redde (pdf)

Informasjonen legg vekt på at dette er ein dyresjukdom og at menneske svært sjeldan blir smitta. Materialet seier noko om kva forholdsreglar ein bør ta ved nærkontakt mellom menneske og fuglar og om eventuell fare for smitte mellom fuglar og andre dyr.

Det er kommunane som har ansvaret for helsetenesta for alle som bur eller har opphald i kommunane. Det er kommunestyret som har fullmakt til å vedta tiltak om m.a. stenging av skolar og barnehagar når det er nødvendig for å førebyggje.

Forskning.no: Å snakke med barna om fugleinfluensa

Skolenettet: Informasjon om fugleinfluensa til skoler og barnehager


Mattilsynet: http://www.mattilsynet.no/fugleinfluensa
Folkehelseinstituttet: http://www.fhi.no
Veterinærinstituttet: http://www.vetinst.no
Sosial- og helsedirektoratet: http://www.shdir.no
Utdanningsdirektoratet: http://www.utdanningsdirektoratet.no

Verdens helseorganisasjon (WHO): Faktaark om fugleinfluensa
WHO:
Avian Influenza
WHO:
Current WHO phase of pandemic alert
WHO:
Avian influenza: assessing the pandemic threat

Forskning.no: - Bør lære om fugleinfluensa

 
Foreldrenettet er en tjeneste fra

Foreldreutvalget for grunnskolen Postboks 8119 Dep. 0032 Oslo
post@fug.no
Imaker publiseringsløsning - © 1996 - 2007 Imaker as