Storesunde skule er på rett veg! På kontaktmøte med foreldra er trivsel og tryggleik hovudspørsmål, fortel rektor Leif Vinsrygg. Klassestyrarane har avsett tid til kontakt med foreldra, og kontakten går begge vegar. Vi tek kontakt om vi observerer elevar som har kome i erte/krangel/mobbe-posisjon. 
Skulen vår er ein liten grendaskule med 38 elevar. Det er eit svært oversiktleg miljø her, med gode leiketilhøve. Vi eig eit stort område der elevane kan bruke seg både i leik og i læring. Skogen er næraste nabo, og vatnet ligg i 500 m avstand frå skulen.
Elevmassen er einsarta, det betyr at vi ikkje har elevar som har flytta til området siste åra, ja, faktisk har alle vakse opp her. Alle kjenner alle, noko som gjer at vi lett kan ta kontakt om det oppstår ugreie/mobbing mellom elevane. Sjølvsagt har vi elevar som frå tid til annan opplever vanskar på det sosiale området, men det er her vi grip inn med ein gong vi ser dette.
Vi driv mykje med felles aktivitetar, noko som alle skårar på. Å lære seg å ta omsyn til kvarandre brukar vi tid på. Vi har altså eit miljø som er trygt og godt for elevane, og der foreldra kjenner lærarane og ikkje ventar med å ta kontakt når noko har oppstått. I det høvet vil eg uttrykkje glede over at ”mobbe-materiell” ikkje treng å bli brukt så mykje og ofte på denne skulen. Slik skulle det gjerne vore over alt!
|
 |
 |
 |
|