Foreldreutvalget for grunnskolen Foreldrenettet
Utskriftsvennlig utgave Nyhetsbrev Bestilling Kontakt oss Om FUG Nettkart
Du er her: / FUG / Nyhetsarkiv / Nyheter fra 2004 / Elevane inviterte FAU til å vere med i Manifest mot mobbing

Foreldreutvalget for grunnskolen Postboks 8119 Dep 0032 Oslo
post@fug.no
Elevane inviterte FAU til å vere med i Manifest mot mobbing
Elevane ved Hognestad skule inviterte ordføraren, leiar av elevrådet, leiar av FAU og rektor til å underskrive manifestet.

Leiar av FAU, Lars Grødem, fortel dette om arbeidet mot mobbing på Hognestad skule:
På samlinga der underskrivinga fann stad framførde elevane songar, dikt og dansar som dei sjølv hadde laga. Ordføraren hadde med seg kjedet sitt og fortalde kort litt om det og viste det fram. På den måten markerte han at han verdsette dette tiltaket. Det var korte helsingar frå oss vaksne som skreiv under.
Det var ei feststund der underskrivinga var høgdepunktet.

At sjølvaste statsministeren har teke initiativ til kampen mot mobbing vart framheva. Lokalavisa var også til stades og rapporterte om hendinga.

Elevane fylgjer dette opp ved å byte på å gå vakt i friminutta (friminuttsjef) for å sjå om det går føre seg mobbing, då har dei ei brikke på brystet. Ser friminuttsjefen noko som ikkje er som det skal, seier han ifrå til den læraren som har vakt. Det har vorte populært å vere friminuttsjef.

På avslutningsfesten før jul var også fokus retta på mobbing, eit naturleg utslag av at elevane hadde arbeida så mykje med denne viktige saka. Dei hadde opptrinn som på ein glimrande måte fekk fram kva som skjer når det vert mobba, og korleis dette kan endrast.

Frå FAU si side har me teke saka opp i alle rådsorgana på skulen: FAU, elevrådet, SU og foreldrerådet, og framheva at samarbeidet med foreldra er viktig i kampen mot mobbing. Ovafor foreldra har me særskilt framheva det personlege ansvaret me har som vert understreka i brevet Dykkar. Samtidig som me har teke dette opp har me vore merksame på at me ikkje må overfokusere på problemet, for det vil verke mot sin hensikt.

Skulen er også med i Olweus-programmet mot mobbing. Det er lærarstyrt og elevane får svært gode innspel mot mobbing frå den sida også. Når det har vore snakka så mykje om mobbing har det vore nødvendig å klargjere ovafor elevane at ikkje alt som kan sjå ut som mobbing er det. På den måten har ein prøvt å få tydeleg fram kva mobbing er. Til dømes har elevane ein liten flekk på skuleplassen der dei frivillig kan slåsst. Er du frivillig med på "slosstebanen" er det ikkje mobbing som føregår.

 
Foreldreutvalget for grunnskolen Postboks 8119 Dep 0032 Oslo
post@fug.no
Imaker publiseringsløsning - © 1996 - 2006 Imaker as