Ein flott plan mot mobbing, klare oppgåver og ansvar for foreldra Foreldra sitt arbeid mot mobbing handlar om problemløysing, førebygging og kontinuitet. Vi legg mest vekt på førebygging. Planen blir drøfta på foreldremøte, og alle foreldra kan få uttale seg. Vi har ein flott plan, seier leiar for FAU ved Ålvundfjord skule. 
Liv Liahjell Drøpping, leiar for FAU ved Ålvundfjord skule, har sendt oss planane. Her går det klart fram kva foreldra kan gjere.
Problemløysing Dersom foreldre/føresette får vite at ein elev i ein klasse blir mobba · må/ bør ein undersøkje nærare · er ein pliktig til å melde frå til skulen og evt. foreldra · må/ bør ein bruke klassekontakten · må/ bør ein støtte familien til mobbeofferet · kan ein ta kontakt med PP- tenesta
Dersom foreldre/ føresette får vite at ein elev i ein klasse mobbar andre · må ein ta direkte kontakt med skulen, rektor og kontaktlærar · må/ bør ein støtte og vise respekt, men og gje tydeleg signal om at ein ikkje tolererer slik atferd · kan ein ta kontakt med PP- tenesta Dersom du som foreldre/ føresette får vite at barnet ditt blir mobba · må du gje det full støtte · må du få fram at du tek saka på alvor · la barnet sjølv foreslå løysingar på problemet · må du fortelje barnet ditt korleis du vil jobbe med saka, at du vil snakke med rektor, kontaktlærar og/ eller andre foreldre · kan du ta kontakt med PP- tenesta
Dersom du som foreldre/ føresette får vite at barnet ditt er ein av plagarane · må du vise respekt, setje ord på korleis du ser situasjonen og kva du meiner om han · må du vise VELDIG TYDELEG at denne atferden tolererer du ikkje · vise med konkret handling at du BRYR DEG med mobbeofferet og forklar kva slags kjensler mobbeofferet har; ta t.d. direkte kontakt med barnet/ barna · må/ bør du ta kontakt med skulen og foreldra til dei andre elevane · kan du ta kontakt med PP- tenesta
NULLTOLERANSE MOT MOBBING GJELD I ALLE SAMANHENGER - OGSÅ PÅ FRITID!! HUGS AT VERBAL, SOSIAL OG PSYKISK MOBBING ER MYKJE MEIR UTBREIDD ENN FYSISK MOBBING.
Førebygging I arbeidet mot mobbing er det vel så viktig å byggje og førebyggje som å løyse og reparere problem.
Som foreldre/ føresette må ein i heimen leggje vinn på · å vere gode førebilete · positiv omtale av andre · å vise at vi bryr oss for å aktivere empati · å leggje forholda til rette slik at barnet/ barna opplever meistring, at dei får ekte ros og lærer å ta valg · å gje barnet/ barna tid og kjærleik
Som foreldre/ føresette bør ein samarbeide med skulen · slik at ein er med og følgjer opp det som blir sagt på konferansetimane og elevsamtalane, der spørsmål om trivsel blir teke opp · slik at det er eit åpe forhold mellom heim og skule · slik at ein er med og skapar godt miljø og gode trivselstiltak i basisgruppa. · slik at ein er med og følgjer opp trivselsplana. Som foreldre/ føresette har ein og ein unik mulegheit · til å arbeide for eit godt miljø og trivsel i dei forskjellige fritidsaktivitetane
Kontinuitet- trivsel- og miljøplan Den beste måten å førebyggje på, er å skape trivsel og samarbeid - noko som er eit ledd i det kontinuerlege arbeidet. FAU må vere ein pådrivar her.
Som klassekontakt/ varamann har ein eit særleg ansvar for å arbeide for eit godt klassemiljø, og ein bør samarbeide med kontaktlærar og skulen · slik at ein skapar arenaer der elevar, foreldre og personale møtes og gjer ting saman; det gjer ein ved å vere med å arrangere og ta initiativ til grunnskuleveka kvar haust programfesta avslutning til sommaren eitt forpliktande miljøtiltak for året på trinnet/ i basisgruppa gjeldande frå hausten 2004. FAU set inn tiltak kvar haust, men må stå fritt til å velje kva slags, og til kva slags årstid · slik at ein saman med kontaktlærar går gjennom halvårsplana og trivselsplana · slik at desse planene blir tekne opp på det første foreldremøte om hausten · slik at trivsel og arbeidet mot mobbing blir sett opp som tema på foreldremøtene
Føresette si plan mot mobbing- med trivselsplan. Ålvundfjord skule, mai 2004 Alle foreldre har eit personleg ansvar for å hindre at barnet deira mobbar eller blir mobba, samt å søkje hjelp dersom det skjer. FAU ved kvar enkelt skule har eit særleg ansvar for å hjelpe til at heim og skule samarbeider for å førebyggje og handtere mobbing. Skulen på si side har plikt til å involvere foreldra, og foreldra har rett og plikt til medverknad. Denne enkle plana er ei framstilling om kva slags oppgåver og ansvar foreldra/ førsette har dersom det oppstår mobbing. I tillegg har plana med kva slags konkrete trivselstiltak FAU og skulen skal samarbeide om. Grenseoppgangane om kva som er reell mobbing kan vere vanskelege, men i følgje Roland og Sørensen Vaaland, i " Zero, SAFs program mot mobbing " er definisjonen slik: Med mobbing eller plaging forstår vi psykisk og/ eller fysisk vald retta mot eit offer, utført av enkeltpersonar eller grupper. Mobbing forutset eit ujamnt styrkeforhold mellom offer og plagar, og episodane gjentas over tid. Men ofte er det vel betre å seie frå ein gong for mykje, enn ein gong for lite. Arbeidet mot mobbing har og fått si forankring i lovverket, paragraf 9a, omhandlar elevane sitt psyksosiale miljø. Arbeidet mot mobbing er eit kontinuerleg arbeid; derfor må denne plana justerast og forandrast. Det er å håpe at plana kan bli eit reiskap som foreldre har eit eigarforhold til, og som skulen og elevar kjenner til.
|