SPS-kronikk nr. 3 - 2005
ER FAGKUNNSKAP VIKTIG?

Kåre Heggen, Professor II, SPS
Av Kåre Heggen og Lars Inge Terum
NOKUT har fått i oppdrag av departementet å vurdere kvaliteten til allmennlærar- og sjukepleiarutdanningane i Noreg. Første rapportering stiller m.a. spørsmål ved dei faglege krava som møter studentane. Eit interessant inntak kan då vere å sjå på kva plass ferske lærar- og sjukepleiarstudentar meinar fagkunnskapen har i den profesjonelle kompetansen, og om dei endrar syn på dette gjennom utdanninga. Dette seier ikkje berre noko om studentane sine førestillingar, men truleg òg noko om synet på fagkunnskap mellom dei som underviser på utdanningane.
Utdanninga sin legitimitet

Lars Inge Terum, Professor/Faglig leder, SPS
Det generelle bakteppet er at profesjonskvalifiseringa har endra karakter dei siste 20 åra, dels ved at utdanningane har vorte innlemma i universitets- og høgskolesektoren og dels ved at dei har vorte meir teoritunge. Legitimiteten til profesjonsutdanninga kviler difor i stor grad på at studentane gjennom utdanninga tilegnar seg fagkunnskap som også er viktig for seinare yrkespraksis. Dersom det ikkje er ein slik relasjon mellom kunnskapen i utdanninga og handling i yrkesfeltet, er det problematisk å argumentere for 3-4-årige teoretisk orienterte utdanningar.
Profesjonell identitet
Studentane i profesjonsutdanningane kan tolkast som ”grensekryssarar” mellom kontekstar. Som mange andre flyttar dei mellom ulike kontekstar, der dei ber med seg kunnskapar, arbeidsmåtar og identitetar. I det perspektivet vert det viktig å studere studentane si kompetansebane frå ungdomstid, gjennom profesjonsutdanninga og ut i yrkeslivet. Profesjonell identitet kan her vere eit fruktbart omgrep. Med det tenkjer vi på meir eller mindre bevisste oppfatningar av kva som er god profesjonell yrkesutøving, – av kva kunnskapar, ferdigheiter, personlege eigenskapar, verdiar og haldningar som til saman konstituerer den gode yrkesutøvar. Det handlar om yrkeskvalifiseringsprosjektet til den enkelte, der ein bygger opp meir eller mindre klare førestillingar om yrket og kva som må til for å utøve det, ein prosess som kan skje både før, under og etter sjølve profesjonsutdanninga.
Fagkunnskapens plass
Eit interessant spørsmål er då kva studentane meinar konstituerer profesjonell yrkeskompetanse. I StudData er studentar i m.a. allmennlærar-, sjukepleiar-, førskulelærar- og sosialarbeidarutdanningane spurt om kor viktig høvesvis fagkunnskapar, praktiske ferdigheiter, verdiar/haldningar og personlege evner er for å bli ein god yrkesutøvar. Same spørsmålet vart stilt ved starten og ved slutten av utdanninga. Det er studentane som byrja utdanninga hausten 2000 som vert studert.
For to av utdanningane, sosialarbeidar og allmennlærar, vart fagkunnskap vurdert relativt lågt ved starten av utdanninga. Det som sterkast var vektlagt var å ha dei rette holdningane og å ha gode personlege trekk (som godt lag med folk og glad i barn). Dette er trekk som ofte vert knytt til eit lekmannsperspektiv på profesjonsutdanning.
Dei mest interessante forskjellane knyter seg til fagkunnskapens plass, og spørsmålet om studentane her endrar syn gjennom utdanninga. Svært tankevekkande er det å sjå at studentane ved sosialarbeidar- og allmennlærarutdanninga – som altså i utgangspunktet la minst vekt på fagkunnskap – i enda mindre grad vurderer fagkunnskapens som viktig for yrkesutøvinga ved slutten av studiet. For sjukepleiar- og førskolelærarutdanningane er det motsett. I siste semester meinte t.d. 81 prosent av sjukepleiarstudentane at fagkunnskap er viktig i den profesjonelle kompetansen, mot berre 35 prosent av sosialarbeidarstudentane. Det er viktig å understreke at dette seier noko om forskjell i studentane si forståing av kva som konstituerer profesjonell kompetanse, og ikkje noko om korleis utdanningane faktisk makter å gjere det faglege innhaldet relevant i høve til praksis.
Rekruttering og studiekultur
Ei nærare analyse av StudData-materialet indikerer at ei slik relativ nedvurdering av fagkunnskap truleg har med både rekrutteringa og studiekulturen å gjere. Mange av dei ferske studentane reknar med at dei kan gjennomføre studia med låg innsats. Nærare 60 prosent reknar med 30-timars arbeidsveke eller mindre, knapt 30 prosent 20 timar eller mindre. Her er det få av ”Mjøs-utvalet” sine heiltidsstudentar, særleg i sosialarbeidarutdanninga.
Det kan vidare sjå ut som rekrutteringsmønsteret også påverkar studiekulturen og krava dei møter i profesjonsutdanningane. Ein heil del av studentane svarar ved slutten av studiet at dei i liten grad oppsøkjer lærarane for å diskutere faglege problem, må førebu seg til undervisninga eller les fagstoff utover pensum. Mange hevdar også at studiet er lite fagleg krevjande og for teoretisk orientert. Dette er svar som signaliserer ein studiekultur i motstrid til dei faglege intensjonane for desse utdanningane. Ein slik ”negativ” studiekultur er mest utbreidd på dei to studia der mange studentar forventar å bruke lite tid til studiet, og der fagkunnskap blir lågast vurdert – sosialt arbeid og allmennlærar.
Faglege krav
Dette kan tyde på at det er viktig både kva slags faglege ambisjonar studentane kjem til utdanninga med, og kva slags faglege krav dei møter i profesjonsutdanningane. Det ser altså ut som studentane som kjem til allmennlærar- og sosialarbeidarutdanningane har ei førestilling om at dei kan gjennomføre utdanningane med liten arbeidsinnsats og at fagkunnskap ikkje er så viktig. Det kan vere ein indikasjon på at desse utdanningane har eit rykte som fagleg lite krevjande. Når førestillinga om at fagkunnskap ikkje er så viktig snarare er blitt styrka enn svekka gjennom utdanninga, kan det også bety at det ikkje berre er snakk om eit rykte. Det kan òg seie noko om lærings- og studiekulturen ved utdanningane. I så fall seier det ikkje berre noko om studentane sine førestillingar, men òg om førestillingane til dei som underviser ved utdanningane. Spørsmålet vert då: Kvifor vert ikkje studentane gjennom utdanninga overtydde om at fagkunnskap er viktig for profesjonell yrkesutøving?
Les mer
- StudData
- Fagkunnskapens betydning for yrkespraksis (StudData-variabel nr. 4 2005)




