|
På denne sida finn du informasjon om registrering i Forskok (ny versjon). Det er ikkje sikkert du treng å lese gjennom alt for å få den hjelpa du treng.
Passord Etter at du har fått melding om at du er registrert som brukar, kan du sjølv bestille passord ved å gå inn på BIBSYS-sida Registerere forskning og deretter velje Bestill passord til BIBSYS ForskDok. Følg instruksane her og hugs å bruke den lange e-postadressa di. Etter ca. 1 minutt vil du få tilsendt passord på e-post. Du er då klar til å logge deg inn.
Innlogging På BIBSYS-sida Registerere forskning klikkar du på Logg på BIBSYS ForskDok. I innloggingsfeltet skal du framleis bruke den lange e-postadressa som brukarnamn. Passordet består av bokstavane "df" og 4 siffer. Desse skal skrivast utan mellomrom.
Personregister Fyrste gong du er inne og registrerer, må du legge inn nokre opplysingar om deg sjølv i personregisteret. Når du har logga deg inn, har du ein del stikkord øvst på sida. Her kan du klikke på "Personregister". Søk først på namnet ditt for å vere sikker på at du ikkje ligg. Får du ikkje treff, klikkar du på den grøne knappen "Ny person". Fyll ut alle felta, men dei to siste (Gyldig fra/til ...) har dei fleste ikkje bruk for. Til slutt lagrar du.
Registreringsskjemaet Etter innlogging vil du kome inn på "Min side". Du kan gå direkte til registreringsskjema ved å trykke på den grøne knappen "Registrer publikasjon". Sjølve registreringsskjemaet er sett saman av fire "delskjema": Publikasjon, person, kilde og oppsummering. Det kan vere greitt å fylle dei ut i den same rekkjefølgja, men det går an å hoppe fram og tilbake ved hjelp av dei grøne pilknappane som finst både øvst og nedst.
Nokre tips:
- Felta som er merka med raud stjerne, må fyllast ut. Dei andre er valfrie.
- Hjelpetekst: Hvis du trykker på dei grøne stikkorda i skjemaet, t.d. "tittel", "nøkkelord", vil ei kort forklaring kome opp under stikkordet.
- Fram og tilbake: Bruk dei grøne knappane i skjemaet for å gå til neste eller tilbake. Du kan også klikke direkte på fanene øvst i skjemaet og stikkorda ovanfor. Unngå å bruke "tilbake"-knapp i nettlesaren, då vil systemet "henge seg opp".
Kort om dei ulike delane:
- Publikasjon: Frå gardinmeny må du først velje publikasjonsform, deretter underkategori. Tittel må også fyllast ut her; dei andre felta er valfrie.
- Person: Grøn knapp "Legg til bidragsyter". I søkefeltet skriv du inn namn, deretter "Søk" (grøn knapp). Du vil få eitt eller fleire treff (og hvis ikkje: sjå punktet om personregister). Trykk på grøn knapp "Legg inn" utanfor rett namn. Namnet vil legge seg i grått felt, men du må også fylle ut "Rolle" ved hjelp av gardinmeny. Dersom det er berre ein forfattar, kan du no trykke på "Neste" for å gå vidare til neste skjema. Skal du legge inn fleire forfattarar, trykkjer du nok ein gong på "Legg til bidragsyter", deretter same prosedyre.
- Kilde: Alle felta med raud stjerne må fyllast ut.
- Oppsummering: Her vil du få oversikt over alt du har lagt inn i dei andre skjemaa. Om noko manglar, vil det stå ei melding om det med raud skrift. Om alt ser greitt ut, trykkjer du på "Lagre" (grøn knapp øvst og nedst på sida).
Etter lagring får du melding om at posten er lagra med eit eige "id". Du vil nedanfor få ein del val, t.d. kan du gå inn og sjå på det du har registert, og du kan også endre på posten. Skal du registrere andre publikasjonar, vel du "Opprette ny registrering", ev. gå tilbake til "Min side" (øvst). Er du heilt ferdig, kan du trykke på "Avslutt" (grøn knapp oppe til høgre).
Endre registrering Trykk på den grå fana "Publikasjoner" etter at du har logga deg inn. Vel deretter "Søk". Du kan fram ei registrering på 3 måtar: - Skriv inn forfattarnamn - Skriv inn tittel eller delar av tittel - Skriv inn registrerings-id (for 2006 byrjar dei slik r0600....)
Du kan også gå inn og endre rett etter at du har lagra. Du vil då få opp fleire alternativ, m.a. "endre registrering".
Søking Det finst to måtar å søke i BIBSYS Forskdok på, og det kan vere litt forvirrande. Ei kort forklaring:
- Skal du søke for å få oversikt over dine eller andre sine publikasjonar, går du inn her:
Gammal Forskpub-versjon (går ut i byrjinga av 2007) Ny BIBSYS Ask-versjon
- Skal du søke opp ei registrering for å endre denne, gjer du som beskrive under punktet "Endre registrering".
Korleis registere vitskapleg publikasjon? Tilsette registrerer - som før - alle publikasjonar i Forskdok, også vitskaplege. Ved registrering av vitskapleg publikasjon kan ein i sjølve skjemaet (under "kilde") trykke på den grøne knappen ("Søk etter tittel i ITAR"), skrive namn på tidsskrift/forlag i søkefelt og til slutt velge det aktuelle. FoU-konsulent tek seg av kvalitetetssikring i forhold til ITAR.
Kva er ITAR? ITAR (= ImportTjeneste og AutoritetsRegister) inneheld oversikt over publikasjonskanalar og publikasjonar som er teljande med tanke på statistikkavlevering, dvs. dei som blir rekna som vitskaplege. Publikasjonskanal = tidsskrift, forlag Publikasjon = den spesifikke artikkelen/boka som er publisert
Kva skal ITAR brukast til og kven skal gjere det? 1. Import: Finne fram vitskapleg publikasjon som er komen inn i ITAR frå ISI, Norart, Bibsys. Dette skal ikkje den enkelte forfattar gjere, men superbrukar på institusjon. 2. Autoritetsregistere: Ved eigenregistrering av publikasjonar kan den enkelte forfattar søke i ITAR (ligg i registeringsskjemaet) for å hente fram opplysingar om tidsskrift eller forlag.
Statistikk Utgangspunkt er sida FORSKDOK Lister og statistikk (der du må logge deg inn - same brukarnamn og passord som for registrering). Her er fleire alternativ - eit enkelt og eit meir omfattande:
- Det enkle: Ta ut statistikk fra Forskpub
Dette er "ferdig" statistikk, der ein kan velje mellom tre alternativ: 1) Antall publikasjoner pr. publikasjonskategori. 2) Antall publikasjoner pr. publikasjonsår. 3) Grunnlagsdata for budsjettrapport til UFD
- Det omfattande: Bestille liste fra Forskpub
Her kan ein sjølv gå inn og bestille lister som er sortert på ein bestemt måte. T.d. kan ein bestille for ei avdeling/ein seksjon/eit institutt og sortere etter forfattarnamn, kategori, tittel m.m. Verdt å merke seg dersom ein har hastverk: Listene kan først hentast dagen etterpå.
|