Skriv ut Sideoversikt |   



Studietilbod 05-06
Biblioteket
Internasjonalisering
Studentsamskipnaden


Forsking og utvikling / Forskdok /

Forskdok

 FORSKDOK er ei felles databaseteneste for forskingsdokumentasjon som kan nyttast av norske forskingsinstitusjonar. FORSKDOK er samansett av to databasar:
  • FORSKPUB for sluttførte publikasjonar og andre resultat av FoU-arbeid
  • FORSKPRO for pågåande og avslutta FoU-prosjekt eller -aktivitetar

Tilsette ved Høgskulen i Volda kan og bør registrere FoU-arbeid i Forskpub. HVO har tatt i bruk eit internt poengsystem knytta til denne databasen, slik at avdelingane får tilført midlar utifrå kva og kor mykje som er registrert i Forskpub.
Så langt har Forskpro vorte lite nytta, men dei som ynskjer det, kan registrere prosjekt i denne basen.

Ny brukar?
Ta kontakt med FoU-konsulent bentegl@hivolda.no for å bli registrert i brukarregisteret.

Kva kan registrerast?
Forskdok har kategoriar både for skriftlege og munnlege (føredrag, intervju) FoU-arbeid. I tillegg finst ein open kategori for "anna FoU-arbeid".  

Ny Forskdok-versjon i 2005
Den nye versjonen er enno ikkje ferdig, men vi har fått munnleg tilbakemelding om at han skal takast i bruk 1. oktober.

Registrering i 2005
Alle delar av det nye forskingsdokumentasjonssystemet er ikkje ferdig, så vitskapleg publisering må framleis registrerast av institusjon/forfattar.

Forskingsdokumentasjon
Eit utval nedsett av UHR har utarbeidt system for rapportering av data for vitskapleg publisering.
Meir om dette her.

Formidling
Eit utval nedsett av UHR er i gang med å avgrense formidlingsomgrepet og utvikle indikatorar for formidlingsaktiviteten. Utvalet har frist til 1. juli 2005, og arbeidet skal danne grunnlag for ein formidlingskomponent i budsjettmodellen. Meir om arbeidet på UHR sine sider.





Skriv ut  Skriv ut
Oppdatert av Bente Gunn Lien 27.05.2005
Publisert med NetEd : Web publiseringsløsning