Skriv ut Sideoversikt |   



Studietilbod 05-06
Biblioteket
Internasjonalisering
Studentsamskipnaden


Forsking og utvikling / Forskdok / Forskingsdokumentasjon /

Forskingsdokumentasjon

Universitets- og høgskolerådet (UHR) har fått i oppdrag frå UFD å koordinere arbeidet med å utvikle eit system for rapportering av data for vitskapleg publisering basert på bruk av bibliografiske data og autoritetsregister. Eit utval har arbeidd med å utvikle system for betre forskingsdokumentasjon, og sluttrapporten låg føre i desember 2004.

For dei som vil sette seg inn i detaljar om arbeidet som er gjort, kan ei lesing av sluttrapporten tilrådast. Eit besøk på UHR sine sider om prosjektet - Dokumentasjon av vitenskapelig publisering - kan også løne seg. Her ligg det samla mykje bakgrunnsstoff, m.a. lister over publikasjonar som blir rekna som vitenskaplege.

Frå departementetet si side er det eit mål at forskingskomponenten i budsjetta til universitetet og høgskular  i større grad får ein resultatorientert profil. UFD skriv i St. prp. nr. 1 (2004-2005):
Departementet understrekar at den indikatoren som blir utviklar, skal nyttast som grunnlag for fordeling mellom institusjonane. Systemet vil derfor truleg måtte bli relativt grovmaska. Dette vil ikkje vere ein presis premiering av den enkelte forskaren og tilhøyrande forskingsresultat. Institusjonane må ha interne fordelingsmodellar som fører insentiva vidare ned i institusjonen.
(Sluttrapport, kap. 9.2)

Kva følgjer det nye systemet får for registreringspraksisen på HVO, er enno uklart. I 2005 skal det kome ein ny versjon av Forskdok som er tilpassa modellane som utvalet har kome fram til. Denne vil først vere klar 1. oktober.



Skriv ut  Skriv ut
Oppdatert av Bente Gunn Lien 27.05.2005
Publisert med NetEd : Web publiseringsløsning