|
Føremål
Resultat av offentleg finansiert forsking skal vere tilgjengeleg for flest mogleg: Andre forskarar, studentar, næringsliv, media og andre interesserte.
To vegar til Open Access
|
1. Publisering i såkalla Open Access-tidsskrift
- fagfullevurdering
- fritt tilgjengeleg for alle på internett |

|
|
2. Sjølvarkivering i opne, institusjonelle arkiv |

|
Kvifor?
Open Access-rørsla har vakse seg stor, og tankegangen har slått rot i akademiske miljø. Mange har fått auga opp for det paradoksale, nemleg at resultat av offentleg finansiert forsking ikkje er tilgjengeleg for dei som har betalt for det, men må kjøpast tilbake – dyrt. Den store prisauken på vitskaplege tidsskrift dei siste åra og stadige meldingar om at bibliotek ved forskingsinstitusjonar ikkje lenger har råd til å abonnere på desse, gjer at mange ser at ein må finne alternative måtar å spreie forskingsresultat på.
Institusjonelle arkiv i Noreg
I Noreg har m.a. UHR oppfordra høgskular og universitet til å utvikle institusjonelle forskingsarkiv, og fleire av universiteta har oppretta eigne institusjonelle arkiv (sjå lenke ovanfor).
|
HVO er - saman med over 30 andre institusjonar - med i eit samarbeid om institusjonelle arkiv: Bibsys Brage
Biblioteket og FoU er i gang med å utvikle HVO sitt institusjonelle arkiv. Målet er å ta det i bruk hausten 2007. |
 |
Kort presentasjon av Open Access og arbeidet med dette på HVO: OpenAccessHVO.ppt
|