Skriv ut Sideoversikt |  


Søk etter studium
Studietilbod 07-08
Biblioteket
Internasjonalisering
Studentsamskipnaden


For søkjarar / Internasjonalisering / Før du drar / Førehandsgodkjenning /

Førehandsgodkjenning



Unngå forsenkingar i studiet
For dei fleste studentar er det avgjerende at eit utanlandsopphald ikkje gir forsenkingar i studiet. Skaff deg difor ei førehandsgodkjenning av utenlandsoppholdet i god tid. Dei eksamenane du tek ved den utanlandske lærestaden må kunne inngå i graden du tar ved HVO, anten ved at dei i etterkant av utenlandsoppholdet vert godkjende som uspesifiserte studiepoeng eller dei vert innpassa, det vil seie gir innpass til vidare studie i faget ved HVO. Når du planlegg studieopphald i utlandet må du også sette deg inn i generelle krav ved oppbygginga av studiet du tek ved HVO. Skal du studere i eit anna europeisk land, bør du gjere deg kjent med ECTS-systemet.  

Førehandsgodkjenning
Førehandsgodkjenning er ei fråsegn frå HVO om at utanlandsopphaldet ikkje vil forsenke deg i studia. Den skaffer du deg før du reiser til utlandet. Søknadsskjema får du på internasjonalt kontor.

  • Ta først kontakt med internasjonalt kontor og avklar om den institusjonen du ønskjer å studere ved oppfyller dei grunnleggjande vilkåra for studentutveksling. På førehand bør du ha drøfta utvekslinga med studieleiar/utdanningsrettleiar.
  • Fyll ut søknadsskjema/learning agreement. Søknaden skal kort gjere greie for det faglege innhaldet i det studieopplegget du vil gjennomføre. Den må også klargjere kva fagleg innhald og nivå studiet ligg på, og innehalde ei kort vurdering av korleis dette opplegget passar inn i studiet som du er oppteken på. I tillegg bør du ha ei stadfesting frå institusjonen om at du kan bli tatt opp som student. For å få handsama ein søknad må du legge fram oversikt over dei modulane du planlegg å ta.
  • Dette materialet blir sendt over til ditt institutt/di seksjon for vurdering.
  • Vurderinga og den eventuelle tilrådinga går så tilbake til internasjonalt kontor som tek endeleg stilling til søknaden.
Handsaming av søknaden kan ta tid – start difor arbeidet tidleg. Førehandsgodkjenning er ein føresetnad for å få lån i Lånekassen. Dette er ei tilråding frå høgskulen om at dei emna du planlegg å ta i utlandet kan godkjennast eller innpassast som ein del av studia i Noreg etter utanlandsopphaldet. 

 

Godkjenning
Dersom du får godkjent utdanning frå utlandet som ein del av graden ved HVO inneber det at dei blir oppført som uspesifiserte (”frie”) studiepoeng i graden din. Merk deg at det for ulike fagområde er avgrensningar på kor mange slike uspesifiserte studiepoeng som kan inngå i graden. 


Godkjenning skjer hovedsakelig etter tid-for-tid-prinsippet; det som reknast som eit fulltidsstudium ved den utenlandske lærestaden skal godkjennast som eit fulltidsstudium ved HVO. Eitt semesters fulltidsstudium ved ein utenlandsk lærested vil dermed gi  30 studiepoeng. Tilsvarande vert det gitt 60 studiepoeng for to semesters fulltidsstudium. Det finst unntak frå denne regelen. Ved amerikanske universitet t.d. vert ikkje det første året (Freshman year) rekna som høgre utdanning i Noreg.

 

Innpassing
I etterkant av studieperioden i utlandet kan du søke instituttet/seksjonen om innpassing av studia. Søknaden om innpassing vil bli innvilga dersom eksamenane frå den utenlandske lærestaden kan definerast som eit spesifikt grunnfag eller mellomfag eller dei kan erstatte kurs innanfor et profesjonsstudium. I førehandsgodkjenninga går det fram om innpassing er mogeleg. 

ECTS
Innenfor EU-systemet har ein arbeidd for å gjere det enklare å samanlikne utdanningar frå ulike land. EU har utvikla eit felles europeisk vekttalssystem kalt European Credit Transfer System (ECTS). Det er ein arbeidsreiskap for å samanlikne utdanningar. Malen for systemet er at 60 ECTS utgjer eitt års fulltidsstudium. Tar du difor kurs tilsvarande 60 ECTS under utenlandsopphaldet ditt, skal det etter hovudregelen godkjennast som 60 studiepoeng i Noreg. 

Generelle krav
Det vert ikkje gitt studiepoeng for eit studium som har klare faglege parallellar (fagleg overlapping) med andre kurs du har tatt.



Skriv ut  Skriv ut
Oppdatert av Cecilie Wilhelmsen 30.10.2007
Publisert med NetEd : Web publiseringsløsning